I fjor sådde eg ei gudbråte med stauder.
I vinter har dei bodd i pallekarmane mine oppom huset.
Når eg satte dei ned var alle merka med nr,
etter ei liste eg har laga.
Alt vel og bra so langt - lista har eg,
men nummera på planteskilta er ganske utviska.
Det har ikkje vore den heilt store veksten hittil i år.
Kanskje dei har litt for stor plass rundt dei små røttene.
I dag har alle fått kvar si potte,
som eg har gravd nedigjen i karmen.
Alle pottene er merka med so mykje info som eg hadde i dag.
Nokre huska eg, og nokre har tydelige blad (som feks akeleiene).
No har eg 60 potter med stauder,
og litt til plass i karmen
til eg skal begynne å prikle staudene eg har sådd i år.
Nysådden i år består av:
Geranium macrorrhizum
Delphinium pacific giant hybrid
Digitalis x mertonensis - strawberry foxglove
Eg har 3 flotte rosetta av digitalisen som skal blomstre i år,
og har sådd no så det blir blomster også til neste år :)

Dei står no fulle av knoppar.
Gleda meg som en liten unge til dei sprett ut :)
Oppskrift:
1 pk karbonadedeig (400g)
1 stor løk - kutt opp
3 store tomatar - fjern skallet og finhakk
3 store fedd kvitløk - press eller finhakk
3 ss tomatpure
litt rapsolje
1,5 dl lettmelk
salt
oregano
peppermix
Brun først karbonadedeiga, løken brunes så litt sammen med karbonadedeiga
før alt det andre haes oppi. Lettmelk og kvitløk haes i til slutt.
ca 150-200 g cottage cheese
6 plater fullkornpasta
6 plater fullkornpasta
Ett lag med kjøttsaus, 3 plater, ett lag med kjøttsaus og cottage cheese,
3 plater og til slutt resten av kjøttsausen.
Strø litt ost på toppen (det må vere god kvitost som smeltar)
30 minutt på 200 grader.
Nytes sammen med en god salat og kvitløksbaguetter.
Mmmmmm :)










