På formiddagen i dag var det ett skikkelig sipregn.
Men det vart etterkvart både mykje sol og skikkelig varmt.
.......
Eg har fått gjort mykje i hagen i dag.
.......
Rosebuskene, Klematisane og Sommarfuglbuska har fått fullgjødsel.
Og det har også agurkplantane fått.
So har dei også fått litt ny jord.
.......
I 2005 planta eg stauder i ett par utgådde sko.
Og dei har blomstra fint inntil i fjor.
Dvs i fjor også var dei litt pjusk,
men i år har ikkje det vore noke vekst i det heile tatt.
Og det forstår eg no godt,
for eg planta 3 stauder oppi kvar sko.
Og det får no vel vere måte på
kor lenge dei orkar å holde på mens det knip på tåa :)
.......
I dag reiv eg ut av alt og fylte på ny jord.
Og planta ei staude i kvar sko.
Ei gul mure i den eine og ei kvit i den andre.
Huska ikkje navna akkurat no.
.......
So skal dei igjen få stå på trappa å ta imot gjestar :)
.......
Bildet er tatt 29.mai-07


Har også gjort plass til setteløk (gulløk) og isbergsalat.

(Får skrive inn nøyaktige navn seinare)
Eg som ikkje skulle så noke i år - hm...
.......
So kom eg over den variegerte skyggesildra mi,
som eg fekk i fjor.
Den hadde eg heilt glømt.
En kjekk overraskelse :)
Den rustraude Primula waltonii (til høgre) spratt ut i dag.
Dei to andre er nykjøpte i år.
Syrinen min er heilt nydelig no :)
På sørsida av huset, langs veggen.
som eg fekk i fjor.
Den hadde eg heilt glømt.
En kjekk overraskelse :)

Dei to andre er nykjøpte i år.


Har litt stauder med raudfarga bladverk,
og det friskar ekstra opp i beda.
Så mye flott! Misunner deg virkelig den syrinen, det vekker minner fra barndommen. Og de primulaene var helt nydelige.
SvarSlettJeg ligger litt etter for tida, har bl.a. ikke fått sådd grønnsakene ennå. Men planen er å få det til i løpet av helgen.
Ha en riktig god helg :-)