torsdag 26. februar 2009

Sliten og trøtt... en laaang dag.

No er eg dønn sliten gitt...
Først på jobb frå 8.30 - 16.30.
So hente piå i barnehagen og heimom og hive innpå noke mat.
Kl 17.15 var eg klar til å hjelpe eldsteguten
med å vaske ned leiligheta so den vart klar til utflytting.
Vi holdt på i ett til kl var 23.15 - Puh....
No er den gullande rein og klar til neste leigeboar :)
.......
Når eg so kom ut og skulle kjøre heim
hadde bilen fått ett 'fint' snølag og var botnfrosen.
Og det var svinglatt - urk...
skrape, skrape, skrape.....
.......
Når eg kom heim var vinteren litt mindre påtrengande heldigvis -
er gla eg bor nesten nedi fjøra :)
Men eg fryktar at det har kome snø her nede også til i mårgå...
.......
EG VIL IKKJE HA MEIR VINTER!!!!!!!
.......
Edit 27.febr.: Vi våkna til 7 cm nysnø i dag - isj!!
Og de e klart at glitrande sol og nysnø e flott -
I DESEMBER!!!

torsdag 19. februar 2009

Snøklokkene er seinare i år enn i fjor...

Satt og kika på bilder frå i fjor vår,
og plutselig såg eg fleire bilder av store tuer med snøklokker.
Som vart tatt 10.febr i fjor.
I år har dei så vidt fått knoppar,
og det er berre komt opp nokre få hist og her.
.......
So då er våren iallefall minst 9 dagar
(+ dei dagane det tek snøklokkene å bli store tuer og å blomstre)
seinare enn i fjor.
.......
Det er vel også første året på uendelig mange år at vi har hatt så mykje snø.
Og temperaturen har vel også vore nokre grader lavare i år
(uten at eg har målt).
.......
Vel, snøen er heldigvis nesten borte no.
Det er sjelden eg er glad for at det regnar,
men no har det gjort godt.
.......
I desember er det greit med snø,
og kanskje i januar.
Men når det kan begynne å spire og gro ute
treng eg ikkje snø som dekker hagen.
.......
Men det kjem nok nokre snørider til.......
.......
Men plutselig er april her :)

søndag 15. februar 2009

Sjøl med 40 cm snø fant eg våren i dag :-)

Her e 40 cm med snø,
og eg lengtar etter varmare tider.
Det er ikkje mykje vårlig ute akkurat no,
men jammen fant eg ett lite snev av våren i dag likevel.
.......
Eg har ein høg steinmur som det veks eføy og anna vintergrønt på,
og heilt nede, inn ved muren
fant eg desse snøklokkene i startgropa til utfoldelse :)

I går ettermiddag stod vi i ferjekø på Sulesund,
og veret var ganske fint.
Det sildra og rant i skråninga vedsiden av bilen.
Snøen smelta og fallt av trea.
Fikk reine vårfølelsen der eg satt
.......
Gledde meg til å møte litt av våren heime,
men den gang ei -
vi (mest gubben, det skal eg innrømme ) måtte måke vegen i tjukk snøkave - urk :(
Ja, ja - vi hadde det kjekt i snøen nokre timar i dag :) -
men nei, ej lika best en snøfri vår :)

onsdag 11. februar 2009

Årets første frøinnkjøp.

I dag har eg gjort årets første frøinnkjøp.
To tomatsortar, en agurksort
og en pose med nydelige solsikker :)

Skole?agurk - 'Green fingers F1'

Bifftomat - 'Marmande Superior'

Cherrytomat - 'Gardeners Delight'

Solsikke - 'Ruby F1'

torsdag 5. februar 2009

So kom snøen....

Vår i forgårs og vinter i dag.
Og fleire vintrar kjem før våren kjem på rett.
.......
Inntil då får eg leike meg med photoscape,
og mimre om sommaren som var i fjor
og drømme om den som kjem i år :)
.......
Her er nokre av blomkarsane mine i fjor sommar :)


tirsdag 3. februar 2009

Stadig ett snev av vår :-)

Vi har ett snev av vår her oppe på sunnmørskysten.
Bilen må ofte skrapast om morgonen,
men vi merkar att sola varmar ei lita stund midt på dagen.
Og det er so godt å merke at dagane blir stadig lengre :)
.......
Eg har lasta ned ett nytt program, Photoscape.
So no driv eg og lagar litt fotomontasje.
Kjempekjekt.
Her er nokre av nebba mine -
å kor eg gler meg til dei startar blomstringa.
Sådde ett par sortar i fjor som eg håpar blomstrar i år :)


I helga fikk alle beda mine ei runde med lukehanda.
Dagen etterpå var det skikkelig kaldt,
(ett par-tre minus hi-hi, men det er bikkjekaldt det her i den rå mørelufta)
so då fraus dei nok ihjel dei spede ugrasspirane eg ruska i :D






Eg hengte til og med ut klede på snora :)
Og dei vart nesten tørre ute :)


Det er snart vår,
vi må berre komme oss gjennom ett par-tre vintrar først :)