mandag 25. mai 2009

Geranium Johnsons blue har sprotte ut :)

I dag har vi ett guffent ver her :(
Men mr G. Johnsons blue fant likevel ut
at han ville sprette ut i dag :)
Eg måtte snike meg ut mellom bygene sånn at eg fikk knipsa den.
.......
Blåfargen på denne storkenebben er nydelig :)

søndag 24. mai 2009

Piå mi har laga egen hage :)

I dag har piå mi laga sin egen hage,
med mammas hjelp :)
Vi vart inspirerte av BjørgS og hennar barnebarn,
etter ett innslag på NorgeRundt på fredag.
.......
Foreløpig er hagen hennar i ei sånn grønn plastkasse,
men den skal vi etterkvart bygge ein karm rundt den.
.......
Mamma den vil eg ha, og den vil eg ha og den vil eg ha :)
So seie ho plutselig: "mamma den er sikkert litt vanskelig å dele" -
det var ei rosebusk :D
.......
Det vart også litt villplantar som 'forglemmegei' og fiolar,
som vi fant rundt i hagen.
.......
Steinane plukka ho i blomsterbeda mine,
sånne steinar som etterkvart veks opp av beda
når det regnar og regnar innimellom :)
.......
Det vart etterkvart fullt i kassa,
24 - foreløpig små plantar :)
Auriklar, tusenfryd, campanula, primula, sildrer, fiolar,
fjørekoll, storkenebb, kubjelle, forglemmegei og hagepute.
.......
Ho har vatna ivrig i dag,
det blir spennande ditta framover :)
Ho er også ein ivrig ugraslukar i mammas bed :)
Hadde besøk av storebroren i dag,
akkurat når vi holdt på med hagen hennar.
"Ho blir en sånn hagegal so du ho" sa han :)
Rhododendronen min har så vidt begynt å blomstre :)

Har tatt bilde av litt sammenplantingar som eg har prøvd meg på.
Oppe til venstre:
Purpurmjødurt foran Klematis-stativ,
bak det står en fjørekoll, og en foreløpig liten trebladgillenia.
(Eg har tatt bilde frå baksida)
I midten oppe:
Ein hosta som skal dekke over kuleprimulaene.
Til høgre oppe:
Ein hosta som skal dekke over Primula saxatilis.
Nede til venstre:
2 ulike eggeblom sammen med duppsoleie,
bak ein hosta som skal dekke over 'såret' når eg klipper ned duppsoleia.
Nede til høgre:
Bakerst raude astilber,
i midten ein oransje eggeblom og ei kvit mjødurt.
Fremst ei kvit astilbe.

Var på Osnessanden i dag.
Ei flott badestrand her i bygda :)
Litt regn i lufta, men ei fin stund alikevel :)

Fant dette på stranda, skal tru kva det er.
Trudde det var noke dødt, derfor trakka vi på det.
Men dødt var det ikkje.
Det var på størrelse med en golfball,
men litt flatare.
Kanskje noken som er innom her har sett sånt før,
og kan hjelpe meg :)

Men det var ikkje berre denne dingsen vi fant.
På enden av stranda låg ett enormt 'vrak' i strandkanten.
Såg ut til å vere restar av ein båt.
Den må vere bygd av enorme tømmerstokkar.
15 meter langt eller noke sånt.


Ellers var det nesten som en skulptur.
Flott å ta bilder av.
Gammalt treverk, mose og 'tang og tare'




Det som ikkje var like kjekt var alle glasbråta av knuste flasker vi fant :(
Trist at folk knuser og kastar frå seg.
Til sommaren er det badestranda vår.
.......
I mårgå er det ei ny veke med nye muligheter folkens :)

lørdag 23. mai 2009

Potting av småplantar

I fjor sådde eg ei gudbråte med stauder.
I vinter har dei bodd i pallekarmane mine oppom huset.


Når eg satte dei ned var alle merka med nr,
etter ei liste eg har laga.
Alt vel og bra so langt - lista har eg,
men nummera på planteskilta er ganske utviska.


Det har ikkje vore den heilt store veksten hittil i år.
Kanskje dei har litt for stor plass rundt dei små røttene.


I dag har alle fått kvar si potte,
som eg har gravd nedigjen i karmen.
Alle pottene er merka med so mykje info som eg hadde i dag.
Nokre huska eg, og nokre har tydelige blad (som feks akeleiene).


No har eg 60 potter med stauder,
og litt til plass i karmen
til eg skal begynne å prikle staudene eg har sådd i år.


Nysådden i år består av:
Geranium macrorrhizum
Delphinium pacific giant hybrid
Digitalis x mertonensis - strawberry foxglove


Eg har 3 flotte rosetta av digitalisen som skal blomstre i år,
og har sådd no så det blir blomster også til neste år :)


Rosene i bakkant i karmane er roser av rotede stiklinga i forfjor.
Dei står no fulle av knoppar.
Gleda meg som en liten unge til dei sprett ut :)

I kveld kosa vi oss med kjempegod lasagne :)

Oppskrift:

1 pk karbonadedeig (400g)
1 stor løk - kutt opp
3 store tomatar - fjern skallet og finhakk
3 store fedd kvitløk - press eller finhakk
3 ss tomatpure
litt rapsolje
1,5 dl lettmelk
salt
oregano
peppermix

Brun først karbonadedeiga, løken brunes så litt sammen med karbonadedeiga
før alt det andre haes oppi. Lettmelk og kvitløk haes i til slutt.

ca 150-200 g cottage cheese
6 plater fullkornpasta

Ett lag med kjøttsaus, 3 plater, ett lag med kjøttsaus og cottage cheese,
3 plater og til slutt resten av kjøttsausen.
Strø litt ost på toppen (det må vere god kvitost som smeltar)

30 minutt på 200 grader.
Nytes sammen med en god salat og kvitløksbaguetter.

Mmmmmm :)


torsdag 21. mai 2009

Såing og gjødsling :)

På formiddagen i dag var det ett skikkelig sipregn.
Men det vart etterkvart både mykje sol og skikkelig varmt.
.......
Eg har fått gjort mykje i hagen i dag.
.......
Rosebuskene, Klematisane og Sommarfuglbuska har fått fullgjødsel.
Og det har også agurkplantane fått.
So har dei også fått litt ny jord.
.......
I 2005 planta eg stauder i ett par utgådde sko.
Og dei har blomstra fint inntil i fjor.
Dvs i fjor også var dei litt pjusk,
men i år har ikkje det vore noke vekst i det heile tatt.
Og det forstår eg no godt,
for eg planta 3 stauder oppi kvar sko.
Og det får no vel vere måte på
kor lenge dei orkar å holde på mens det knip på tåa :)
.......
I dag reiv eg ut av alt og fylte på ny jord.
Og planta ei staude i kvar sko.
Ei gul mure i den eine og ei kvit i den andre.
Huska ikkje navna akkurat no.
.......
So skal dei igjen få stå på trappa å ta imot gjestar :)
.......
Bildet er tatt 29.mai-07

Før og etter nyplanting.
So har eg fått sådd gulrot, reddik, sukkererter og hodesalat i kjøkkenhagen.
Har også gjort plass til setteløk (gulløk) og isbergsalat.

So har eg sådd Riddersporer, Revebjelle og Rosestorkenebb.
(Får skrive inn nøyaktige navn seinare)
Eg som ikkje skulle så noke i år - hm...
.......
So kom eg over den variegerte skyggesildra mi,
som eg fekk i fjor.
Den hadde eg heilt glømt.
En kjekk overraskelse :)


Den rustraude Primula waltonii (til høgre) spratt ut i dag.
Dei to andre er nykjøpte i år.

Syrinen min er heilt nydelig no :)

På sørsida av huset, langs veggen.

Det veks seg til i beda no.
Har litt stauder med raudfarga bladverk,
og det friskar ekstra opp i beda.

Ønskar alle ei god helg :)

mandag 18. mai 2009

Varme deilige dagar og masse blomstring :)

Vi har varme, deilige dagar no :)
I dag trudde eg at det skulle komme å regne,
men heldigvis so gjorde det ikkje det.
Det var noke meir skyer enn i går,
men for det meste holdt dei seg unna sola :)
.......
No blomstrar Eggeblomane mine for fullt.
Eg har aldri tenkt over at dei er so forskjellige desse to eggeblomane,
ikkje før eg planta dei sammen.
Dei har ulike blad, ulik farge og litt ulike blomster.
Midt imellom står en Ranunculus aconitifolius 'Flore Pleno' - Duppesoleie
og blir større for kvar dag.
Den blir klipt ned etter blomstring,
og då står en hosta klar til å breie seg utover :)

I dag spratt Dodecatheon - Gudeblomen min ut :)
Den er liten og spe av vekst endå,
men den blir vel stor etterkvart den og.
Eg kunne ikkje dy meg for å kjøpe desse to i dag.
Primula waltonii heiter dei.
Eg har ein rustraud frå før.
Og to til i ulik farge - det måtte eg berre ha.
Dei luktar av nydelig, eksklusiv såpe :)
Lewisia tweedyi - Praktlewisiaen min blomstrar nydelig no :)

Også Geum coccineum - Prakthumleblomsten min blomstrar fint.
Frøstanden til kubjellene mine er virkelig flotte no :)

Her er Hostaene mine :)

Geranium cinereum var. subcaulescens

Geranium cinereum 'Ballerina'


søndag 17. mai 2009

17.mai i nydelig sommarver :)

I dag har vi hatt ett eventyrlig ver,
en nydelig sommardag :)
Ett sånt ver som vi har hatt i dag,
er sånt ver vi ikkje tør drømme om en gong på 17.mai.
.......
Vi har hatt over 20 grader i skyggen heile dagen.
So godt som blå himmel og strålande sol.
.......
Dagen ver står i sterk kontarst til 17.mai veret i fjor,
som bestod av regn- og haglbyger.
Eg trur kanskje ikkje det har vore so fint ver en 17.mai sidan 1997.
Då var det også en 17.mai med skikkelig sommarvarme.


Vi har gått i tog, leika, ete is, kake, pølse og fått i oss nok brus :)
Altså en perfekt dag :)
Vi pynta med bjørk, flagg og ballongar :)
Her viser tempen kl. 17.41 og 21.15.

Kl. 21.45 gikk eg inn igjen -

då vart det for kjølig å sitte ute med singlet og shorts.

Ha en fortsatt fin 17.mai kveld :)

onsdag 13. mai 2009

Litt hagesyssel no i kveld.

Vi har hatt ett fantastisk ver i dag.
Men dagen min i dag har inneholdt alt anna enn hage.

Etter at tuppehønå mi var lagde i kveld,
var eg ute ei stund og sorterte tankane mine i fred og ro.

Og det gjorde godt.


Opp langs vegen har eg ett slags bed,
der det til no har blomstra rikt med kvit Hageskrinneblomst.

No var den heilt avblomstra,
så dei avblomstra stilkane fikk eg klipt vekk.

No er det rosa og lilla vårfloks som tek over blomstringa der.

Når den etterkvart takkar for seg har den rosa Astilben vokse seg til.
Og etterkvart kjem den også med blomster.

So altså blomsterrik og fin kant heile våren/sommaren.
.......
Primula lurte på stativet ho såg i bedet i forrige innlegg.
For ett par år sidan planta eg ein Klematis og laga eit stativ av rogn.
.......
Klematisen er for meg fremdeles ukjent,
for det er ein stikling som eg fikk røtter på for 3 år sidan.
Og den har eg knepet med meg frå ett hagesenter - hi hi.
.......
Første året kom det nesten ingenting opp.
I fjor vaks det ca 1 meter, men ingen blomster.
I år har det kome tre fine greiner på den gamle veden,
og dei veks og trives.
So i år er eg fryktelig spent på om eg får blomster.
.......
For dei som ser stativet på avstand ser det sikkert litt Harry ut :D
For en må litt innpå for å sjå at der veks noke.

I mårgå kjem en ny dag, med nye muligheter.

God natt :)

tirsdag 12. mai 2009

Våren har kome tilbake - Meconopsis blomstrsr :)

I dag har min Meconopsis 'Lingholm' sprotte ut, nesten iallefall :)
Blåfargen er nydelig mot den kvite muren.
Eg trur dette må vere den blåaste stauda eg har,
kanskje bortsett frå Kinasøta.

So har Eldkveda også begynt å sprette.
Naboen sin har blomstra i ett par veker allerede,
men denne står litt undersolt i hagen min,
så det er nok derfor.
Fin er den iallefall :)
Og so ei nydelig Sildre blomstrar.
Den er heilt lav, og mørk og djup i fargen.
Litt vanskelig å få fram rette fargen på bildet.
Kuleprimula til høgre.
Og til venstre ser du at også Fjørekollen har begynt på blomstringa si.
Alle Fjørekollane mine er fulle av knoppar.
Ei lita sped hagepute.
Den er so lav at bladverket er dekka av sand etter ruskeveret vi har hatt.
Den var nyplanta i fjor,
so når den får ei stund på 'baken' blir den nok stor og fin :)


Og so har eg knipsa eine bedet mitt i sol :)
Ser at plenen er ganske lang no,
so den må iallefall friserast til 17.mai.
.......
Etter ei 'lang' periode med ruskever,
var det deilig å kunne nyte ettermiddagen ute i sol og finever.
Vervarselet ser lovandes ut for den nærmaste veka :)
So då blir det nok litt hagekos framover.

søndag 10. mai 2009

Det veks i vinduskarmen og litt 17.mai-saum.

Det veks godt i vinduskarmen no.
Paprika, Agurk og Solsikker har begynt å bli 'store' :)
Begge typer tomatar spirte for nokre dagar sidan.
Og i dag såg eg at også purren hadde spirt :)

I dag har eg sydd bunadslommer til tantejentene mine.
Det kan du lese meir om i hobbybloggen min om du har lyst.
Har du lyst, kan du også sjå fleire bilder
og lese om bunaden eg har sydd til piå mi .
Også det i hobbybloggen min.

Ha ein fortsatt fin søndaskveld :)

lørdag 9. mai 2009

Årets første Storkenebb :)

So har årets første storkenebb sprotte ut hos meg.
Geranium Phaeum - Brunstrokenebb.
Denne storkenebben fikk eg i fjor,
so det er første gong den har blomst hos meg.
.......
Den er heilt ulik dei andre storkenebba eg har i hagen min.
Den er litt meir 'rufsete' liksom :)
I allefall foreløpig.
Men den e no ung endå, so mykje kan forandre seg :D

Og samtidig som Storkenebba gjer sitt inntog i hagen,
takkar Auriklane for seg med denne mørke fløyelsskjønnheten her :)

Ønsker alle ei fortsatt God Helg

og

ei GOD NATT :)

torsdag 7. mai 2009

Solsikkene spirar :)

Den 3.mai sådde eg solsikker både inne og ute.
I går spira dei som eg sådde inne.
Det var kjapt levert syns eg :)
.......
Sådde samtidig ute og inne.
So skal eg følge med på kva for nokre som blomstrar først.
Var selvfølgelig klar over at dei inne ville spire lenge før dei ute.
Men dei får seg vel en brems når dei skal plantast ut.
.......
Blir artig å følge med på detta :)

Agurkplantane mine,
som eg sådde 20.april, har blitt store og fine.
Eg har sådd 'Greeen fingers F1'.
Har aldri prøvd meg på agurkplanter før.
Veit at på tomatplantane
skal en knipe vekk tjuvane som kjem i bladhjørna.
Er det sånn på agurkplantane og?
Bør dei toppast, eventuelt når?
Kanskje noken som er innom her kan hjelpe meg litt :)
.......
Ellers er det fint lite haging om dagane.
Det setter veret en effektiv stoppar for.
Fristar ikkje mykje å vere ute i regn og stiv kuling.
.......
Er litt bekymra for ein klematis som eg ikkje har fått blomst på før,
den hang og slang med greinene i går.
Var ute i går kveld og bandt den opp litt.
Håpa at eg gjorde det tidsnok.
.......
I følge Yr kjem fineveret igjen over helga,
håpa det helde stikk då :)
.......
Ha ein fin kveld :)