I dag har piå mi laga sin egen hage,
med mammas hjelp :)
Vi vart inspirerte av BjørgS og hennar barnebarn,
etter ett innslag på NorgeRundt på fredag.
.......
Foreløpig er hagen hennar i ei sånn grønn plastkasse,
men den skal vi etterkvart bygge ein karm rundt den.
.......
Mamma den vil eg ha, og den vil eg ha og den vil eg ha :)
So seie ho plutselig: "mamma den er sikkert litt vanskelig å dele" -
det var ei rosebusk :D
.......
Det vart også litt villplantar som 'forglemmegei' og fiolar,
som vi fant rundt i hagen.
.......
Steinane plukka ho i blomsterbeda mine,
sånne steinar som etterkvart veks opp av beda
når det regnar og regnar innimellom :)
.......
Det vart etterkvart fullt i kassa,
24 - foreløpig små plantar :)
Auriklar, tusenfryd, campanula, primula, sildrer, fiolar,
fjørekoll, storkenebb, kubjelle, forglemmegei og hagepute.
.......
Ho har vatna ivrig i dag,
det blir spennande ditta framover :)
Ho er også ein ivrig ugraslukar i mammas bed :)
Hadde besøk av storebroren i dag,
akkurat når vi holdt på med hagen hennar.
"Ho blir en sånn hagegal so du ho" sa han :)
Rhododendronen min har så vidt begynt å blomstre :)
Har tatt bilde av litt sammenplantingar som eg har prøvd meg på.
Oppe til venstre:Purpurmjødurt foran Klematis-stativ,
bak det står en fjørekoll, og en foreløpig liten trebladgillenia.
(Eg har tatt bilde frå baksida)
I midten oppe:Ein hosta som skal dekke over kuleprimulaene.
Til høgre oppe:Ein hosta som skal dekke over Primula saxatilis.
Nede til venstre:2 ulike eggeblom sammen med duppsoleie,
bak ein hosta som skal dekke over 'såret' når eg klipper ned duppsoleia.
Nede til høgre:Bakerst raude astilber,
i midten ein oransje eggeblom og ei kvit mjødurt.
Fremst ei kvit astilbe.
Var på Osnessanden i dag.
Ei flott badestrand her i bygda :)
Litt regn i lufta, men ei fin stund alikevel :)
Fant dette på stranda, skal tru kva det er.
Trudde det var noke dødt, derfor trakka vi på det.
Men dødt var det ikkje.
Det var på størrelse med en golfball,
men litt flatare.
Kanskje noken som er innom her har sett sånt før,
og kan hjelpe meg :)
Men det var ikkje berre denne dingsen vi fant.
På enden av stranda låg ett enormt 'vrak' i strandkanten.
Såg ut til å vere restar av ein båt.
Den må vere bygd av enorme tømmerstokkar.
15 meter langt eller noke sånt.
Ellers var det nesten som en skulptur.
Flott å ta bilder av.
Gammalt treverk, mose og 'tang og tare'
Det som ikkje var like kjekt var alle glasbråta av knuste flasker vi fant :(
Trist at folk knuser og kastar frå seg.
Til sommaren er det badestranda vår.
.......
I mårgå er det ei ny veke med nye muligheter folkens :)