mandag 27. oktober 2008

Piå mi har tegna en katt....

Var ute i kjøkkenhagen i dag og såg til purreløkane mine,
det var puslete greier gitt.
Har ikkje so mykje greie på det,
men trur neppe dei veks noke meir no.
Men kanskje dei er brukandes som dei er??
Vel... dei kan få stå endå.
.......
I bygda eg kjem frå var det nede på 0 grader i dag,
og det snøa heilt nedi fjøresteinane.
So pass at det vart kvita.
Det er berre 40 minutt frå her eg bor,
men her har det heldigvis snøa berre nedi fjelltoppane.
Blir spennande å sjå i mårgå....
Blir nok omlegging til vinterdekk....
.......
Piå mi har ei sånn magnettavle,
i dag har ho tegna en fantastisk katt på den :)

God natt folkens.

lørdag 25. oktober 2008

Hageoppsummering... så langt.

E ikkje so mykje haging for tida, kjenner at eg har gått i haustdvale.
Været innbyr ikkje til mykje utendørsaktivitet heller.
I natt er det sendt ut ekstremvarsel for distriktet her:
Sterk storm te natta, heldigvis kortvarig - men sikkert ikkje lydlaus for det - usj.
.......
I går knakk solsokka mi, som stod og blomstra så fint.
Den kom veldig sein i gong med blomstringa, men var fin so lenge den varte :)
.......
I dag måtte eg kjøpe høstens første salat.
Det er berre ett par daga sida vi høsta årets siste isbergsalat frå kjøkkenhagen :)
Kjekt å høste egne 'varer'.
.......
Skal ha kjøkkenhage neste år også, men litt forandring blir det nok i karmane.
I år har eg hatt blomkål og brokkoli - dei blir kutta ut til neste år.
Dei tek alt for mykje plass i ein pallekarmkjøkkenhage.
Men når eg ein gong får meg åker, då blir det blomkål og brokkoli igjen.
.......
Squash har eg også hatt, det byttar eg ut med frilandsagurk til neste år.
Har hatt 4 plantar av sorten i år, og det har vore morsomt å få det til.
Men vi et ikkje so mykje av det og då er egentlig vitsen vekke.
Iallefall når plassen er liten.
.......
Sukkererter har eg hatt, og det skal eg nok ha neste år også - kanskje.
.......
Det som eg har hatt i år og som eg garantert skal ha til neste år er:
gulrot, reddiker, gulløk og isbergsalat - massevis :)
Og selvfølgelig jordbærpallekarmane mine då :)
.......
So kjem eg plutselig på at eg har masse purreløk ståandes ute.
Dei stod gjemt under blomkål og brokkoli,
og fikk en heller dårlig start på veksten.
Har ikkje sett på dei på fleire veker,
må sjå på dei i mårgå om det går an å gå ut.
.......
So har eg bestemt meg for å sette ned kvitløksfedd,
men har ikkje fått fingeren ut endå.
Kanskje eg 'rekk' det i mårgå :)
.......
So står sjølvsagt grasløktua mi stor og fin, den er ett must.
.......
Eg har også hatt 14 flott tomatplantar, som fikk masse fine tomatar -
som ikkje ville modne ute.
Eg tok dei inn, hengande på stilkane - men dei visna før dei modna.
Dei eg rakk å redde la eg i ei skål på kjøkkenet sammen med ett eple.
Dei vart fort og fint modne.
Og ifølge gubben kjempegode (eg likar ikkje tomat).
.......
Eg hadde bestemt meg for å ikkje ha tomatplantar neste år,
men eg trur at eg allerede har ombestemt meg.
Men plasseringa bli ikkje under tak som i år.
Ett VANNvittig arbeid med vatning.
.......
Kjenner at hobbyaktivitetar innendørs opptek meir og meir av tida mi.
So no framover blir det nok meir strikking og sying enn blomster det går i hos meg.
Ta gjerne turen innom Hobbybloggen min å kike på kva eg driv med der.
.......
Og so les eg mykje (voldsom mykje ifølge enkelte :) )
Eg les 'Sønnavind', 'Thea', Farsarven', 'Storgårdsfolk',
'Tre søstre'. 'Hannah', 'Ingebjørg Olavsdatter'.
Har eg huska alle no tru.... :D
.......
Dokke får ha god helg folkens :)

tirsdag 14. oktober 2008

Regnbue.

Først dagens vermelding:
8 grader og masse regn, usj....
.......
Haging.... ikkje so forferdelig mykje,
veret no inviterar ikkje so mykje til å vere ute.
.......
Eg jobbar i barnehage, so frisk luft får eg på jobb :)
.......
Men eg tar litt bilder,
og i går skein plutselig sola midt i ei stor og lang regnbyge.
Og resulterte i en flott (litt dobbel) regnbue :)



søndag 12. oktober 2008

Ein moden tomat.



Først dagens vermelding:
Regn og sur høst.
I natt blåste det heftig og vi hadde ett par store haglskur.
.......
Tenk no har eg altså fått moden en tomat.
Har ett par som snart er modne også,
men dei ser ikkje so fine ut.
.......
Iallefall, den som var moden i går var faktisk god også.
So den fikk absolutt godkjent av gubben min og systå mi :)
.......
Eg har kava fælt med dissa tomatane,
og det endå eg ikkje likar tomatar engong .
Men gubben likar, og då e det no greit nok
.......
Eg har hatt 14 plantar som har vore store og fine.
Med ganske mange tomatar på også.
Og vi har hatt en fin sommar,
men å få tomatar modne det har ikkje vore enkelt.
.......
Eg klipte dei etterkvart ned/av og fjerna blada, og hengte dei opp i kjellaren.
Men dei tomatane som nærma seg modning då, dei tørka berre inn.
Då tok eg dei av stilkane og la dei på kjøkkenbenken sammen med ett eple.
Og vips i går - første modne tomat :)



Og den såg til og med fin ut inni :)



Vel, den var både raud og god -
sjøl om gubben i utgangspunktet hadde sine tvil
.......
Men uansett - alt for mykje arbeid for so liten gevinst.
Det blir nok den eine gongen eg satsar på tomatar,
inntil eg ein gong får meg drivhus.
.......
Artig å ha prøvd det :)


tirsdag 7. oktober 2008

Det er høst......

Først dagens vermelding:
høstlig og hustrigt. Oppholdsver.
.......
Eg ser på plenen min kvar dag
at den absolutt bør klippast før høsten kjem for alvor.
Den veks faktisk godt endå.
Men eg har ikkje ork til å gå ut og klippe den,
etter en lang og travel dag på jobb.
.......
Når eg holdt på med skråninga måtte eg berre.
No kan eg ta det i mårgå..... eller en annen dag det passar
.......
Det er ganske høst i hagen også no, ikkje den heilt store blomstringa.
Men det er to sortar som lyser opp,
og det er Gentiana sino-ornata - Kinasøte og denne på bildet:
Sedum spectabile - Oktoberbergknapp.
Bergknappen blir flottare i fargen for kvar dag no.


Men eg merkar på meg sjøl at eg har ikkje den
heilt store orken/interessa av å sjå på det som er ute no.
Men det er klart, eg ser det og det er flott.
Hadde sjølsagt vore trist om dei ikkje var der.
.......
Eg har tatt fram spøtet mitt,
og heklet mitt og eg har lyst å begynne å sy -
alt på en gang, helst samtidig.
Det er definitivt høst no :)

torsdag 2. oktober 2008

14 nye busker i skråninga i dag.

Først dagens vermelding:
En litt sur haustdag, ikkje noke regn men surt og kaldt.
.......
Dagens bilde er en avblomstra prestekrage.
Iallefall på bilde kan den vere like fin som en i full blomst :)
En må fotografere det som er å fotografere.



I dag har eg fått 14 nye busker i skråninga :)
No har eg berre 9 igjen - JIPPI!!

Og bra er det, for no kjenner eg at eg er dønn sliten.

Med full jobb og ellers travle dagar,

tek det på å stå i skråninga og grave og plante på ettermiddagstid.
.......
Men no ser eg ein ende på det.
Dei siste 9 buskene har eg ikkje klare til planting endå.
So i helga har eg ikkje tenkt å gjere ein døyt med hagearbeid.
Då skal eg berre kose meg - fullt fortjent :)
.......
Eg kjenner egentlig at kroppen er litt metta av hagearbeid for i år.
Men berre eg får slappa av litt,
skal eg nok få klippe ned alle bregnene mine og før vinteren.
Det mykje lettare å gjere det no enn til våren,
for då er dei so harde og stive.
Med litt grov opptelling trur eg at eg har ca 15 store bregner.

onsdag 1. oktober 2008

8 nye busker i skråninga og en dusj av hageslangen.

Først dagens vermelding:
En varm, deilig, solrik haustdag :)
Men i dagtidlig var det berre 3 grader her.
.......
I dag har eg ikkje knipsa bilder ute,
men eg fant motivet i ein sankt paulia i stova.

Men om eg ikkje har knipsa ute har eg jobba ute.
Eg har planta 8 nye busker i skråninga mi,
no er det berre 23 igjen :)
.......
Eg trudde at knotten hadde gitt seg for i år.
Men neida, eg måtte kjempe ein stri kamp mot dei og i dag vant eg,
eg gav meg ikkje før det begynte å mørkne.
.......
Eg kom ikkje frå jobb før kl halv fem.
So måtte eg få meg litt (for mykje) middag i magen før eg satte i gang.
Då er det ikkje mykje ein rekk før det mørknar.
Merkar godt at dagane blir kortare for kvar dag.
.......
Fekk meg ein skikkelig dusj mens eg holdt på óg :)
Eg hadde ei bøtte med vatn som eg 'drukna' buskene i før eg planta dei.
Oppi der låg ein slange og rant for at bøtta skulle vere full.
.......
Når bøtta rant over tok eg tak i slangen for å skru igjen,
og i det eg fikk slangen uta av bøtta spratt munnsyukket av...
og eg mista slangen.
Alle har vel sett en løpsk slange :) - vel den sveipa over meg, midt i fjeset.
Og når munnstykket var vekk rant det ikkje berre litt forsiktig :D
Og det beste av alt måtte vel vere at eg hadde publikum,
av en mann i en bil som hadde stoppa på busslomma rett nedom her :)