tirsdag 31. mars 2009

Vårblomstring i hagen :-)

I går såg eg den første påskelilja i hagen her i blomst.
Den stod stod så fint i sørveggen, aldeles åleine.
Den har nok stått ett par daga,
og det var heilt tilfeldig at eg tok turen rundt huset i går.
Men bra var det, ett fint syn :)
Dei kvite kuleprimulaene har også så vidt begynt å sprette ut :)
Dei andre primulaene har blomstra lenge,
men dei blomstrar rikare for kvar dag no.

So vil eg vise ett spel som piå mi syns er kjempekjekt :)
Villkatten heiter det.
Vi trekker ei brikke ut av ei boks.
So får en kun leite på spelebrettet med augene.
På brettet er det 368 ulike bilder, der samme fargane går igjen i bilda.
So den som trur det er lett, må tru om igjen.
Spelebrettet blir satt sammen ulikt for kvar gong,
så det lærer en aldri utenat.
Den som finner bildet, får ei farga brikke.
En avtaler på førehand kor monge farga brikker ein skal samle.
Kjekt og lærerikt :)
Ha ein fin vårkveld :)

mandag 30. mars 2009

Tur på ny skogsvei i Syvde.

I helga har vi vore i Syvde på besøk med mormor og besten.
Vi hadde også med oss minstepiå te systå mi.
.......
På lørdagen var vi på tur på en ny skogsvei som besten har laga.
En flott vei, den er vel ca 2 km no og går opp til ca 200 moh
(høgd og lengd må eg finne ut meir nøyaktig).
Ein tryllekunstnar med brøyt er han, besten :)
.......
Dei var utrulig flinke å gå begge tausene :)
Heilt oppe har vi ei fantastisk flott utsikt utover heimbygda mi.
Den store steinen som dei nyt utsikta på
fant vegbyggaren lenger nedi bakkane og drog den opp med brøyten.
Den har vorte ein flott kvilestein.
.......
Fjellet på høgre bildet oppe er hornet (eller Vikehornet som noken seier)

Fjellet på venstre bilde nede er Blåfelden.
.......
Kvikklunsj/tursjokolade høyrer med når ein er på fjelltur :)
Vi laga flotte hytter av greiner og mose.
Dette brukte vi også å gjere når vi var på turar når eg var lita :)
Når vi var på veg nedatt kom snøen,
og den kom og kom og kom...
Når vi stod opp på søndag hadde det lagt ned ca 15 cm.
Men det var i Syvde,
eg melda heim -
og her var det berre ett par små cm - som for fort :)
.......
So på tross av snø var søndagen nydelig med sol frå klar himmel :)


På søndagen fikk vi servert nydelig hjortekjøtt,
servert med steikte poteter, steikt løk og paprika med fløtesaus - nydelig :)
.......
Ha ein flott veke - det går stadig mot VÅR :)

torsdag 26. mars 2009

På tur mot Kiberget.

I går var eg og gubben på tur åleine,
mens piå vår var i bursdagsbesøk med ei veninne.
.......
Vi gikk oppover mot Kiberget.
Ett ord som kan oppsummere terrenget er VÅTT.
Men bortsett frå det var det ein fin tur vi hadde.

Vi gikk forbi ett par ruinar på veien.
Får prøve å finne ut av kva det kan vere for ruinar.
Utsikta er upåklagelig.
Og det er vel ikkje so vanskelig når ein kjem opp i høgda her,
med alle øyane, fjella og fjordane vi har rundt her :)
Fantastisk er det uansett.
.......
Øverst her ser vi Sunnmørsalpene i retning mot Ålesund.

I midten ett fly på himmelen.
Nederst ser vi utover i retning mot Herøy.
.......
Tida var litt begrensa sidan vi skulle hente piå i selskap,
men vi hadde selvfølgelig tid til en rast med kaffe og wienerbrød.
Samtidig som vi naut roa og utsikta :)
No skal eg pakke litt i bilen.
I mårgå reiser vi på helgebesøk til mormor og besten i Syvde :)
Ha en fin vårkveld.

tirsdag 24. mars 2009

Ut på tur - Frå Anholen og oppover....

I ettermiddag har vi hatt oss en tur igjen.
Akkurat kva det heiter der veit eg ikkje,
men vi gikk opp frå Anholen og traska oss oppover :)
.......
Litt barskog,
men ellers var det ingenting å sei på utsikta.
Veret var også nydelig :)
.......
Dagen starta med snødekt bakke,
men sola tok godt og snøen smelta fort.
Sånn var det i går også.

Piå vår e kjempeflink å gå tur,
her i fullt kliv oppover.
Terrenget e ganske kuppert,
men det e full fart både opp og ned :)
Gubben oppdaga en toppmeis som holdt på
å lage reir i ei død furu.
.......
Men det var ikkje einaste fuglen vi såg på turen.
Rett bort i fjellsida flaug ei kjempediger ørn.
Den var ikkje langt unna,
og den hadde ett enormt vingespenn.
Men på skuddhold med kameraet fikk vi den ikkje.

Ei lita elv som vi måtte over på turen.


Furu mot nydelig blå himmel.

Hm... kva har vore her.
Snutebiller kanskje.
Skogen her oppe har vore sprøyta mot biller.

Og til slutt en fin kvilebenk :)

Ha ein fin kveld :)

søndag 22. mars 2009

Raspeball og heimelaga karamellpudding :)

I dag har dagen stått i matens tegn :)
Til middag har eg laga og severt raspeball,
eller berre ballj, so vi seie på mørsk :)
Mormor og besten har vore på middags/kaffebesøk.
.......
Raspeballen vart servert sammen med røkt svineknoke,
kålrabistappe (med litt gulrot i),
pølse, steikt bacon, gulrot og potet.
Inni raspeballen har eg mårbitar.
.......
Nydelig og METTANDE.
.......
Ka e vel då bedre til dessert enn
HEIMELAGA KARAMELLPUDDING - Hi hi.
.......
Eg har ikkje prøvd å laga det før,
har alltid trudd det va so vanskelig.
Men med denne oppskrifta eg brukte i dag
va det slett ikkje vanskelig.
Og... den vart steikandes god :)
.......
Først sukker i forma, smelta det til karamell
og glaserte forma.


Når forma var avkjølt slo eg 'røra' over i forma
og rett i kald ovn i vannbad.
Ferdig pudding etter 1,5 time.

Kvelve den på ett fat.......
... og nytes sammen med karamellsausen
som danna seg av det karamelliserte sukkeret i forma.

Vel bekomme.
.......
Her serveres oppskrifta om det e fleire som vil prøve :)
.......
5 egg
4 ss sukker
1/2 ts vaniljesukker
6 dl h-melk
.......
2 dl sukker til karamell i forma.
Smelt sukkeret og ha det oppetter kantane.
(sett forma på plata, på middels varme.)
.......
Pisk egga sammen, ha så i sukker, vaniljesukker og melk.
Rør til sukkeret har løst seg opp.
Når forma er avkjølt, siles blandinga over i forma.
Sett forma i vannbad i kald ovn.
.......
Puddingen steikes i 1-2 tima på 125 garder.
.......
Sjekk om puddingen er ferdig ved å stikke ei skje halvveis nedi puddingen.
Om det ikkje heng noko på skjea er den ferdig.
Avjøl puddingen før den kvelves på ett fat.
.......
NYTES :)

lørdag 21. mars 2009

Tur opp til vassverket :-)

I dag har vi vore på tur opp til vassverket.
Vi har ei flott utsikt utover øyane
når vi kjem opp dit.
Veret var surt og kaldt,
og som det vises på bildet - ganske skya og disigt.
.......
Men det var deilig å kome seg en tur ut å gå :)
Vi hadde med varm kakao og niste.
Og etterpå lurte mamma en kvikkLunsj ut av sekken :)

I det fjerne ser dokke indianarane,
der dei kjem marsjerandes bortetter åskammen.
For nokre tiår sidan var det brann i fjella der,
men dei trea på toppen vart sparte i brannen.
Opp med vassverket står denne krana,
der det renn kaldt vatn heile sommarhalvåret :)
Kompasstjerna framfør viser himmelretninga.
Nedi graset strekte hestehoven seg mot lyset :)


Ei fin rot i lyngen.



Ha ei fortsatt fin helg dokke som kikar innom her :)

torsdag 19. mars 2009

På tur ut på Flø.

Etter jobb i dag for vi ut på Flø og gikk tur.
Når en er ut på Flø har en NorskeHavet som nærmaste nabo.
Der e det du og naturen :)
Som bilda viser var veret fantastisk i dag,
sola varma godt :)

Utsikt mot Godøya.



Det var ganskevindstille,
så vindstille som det kan vere på Flø.
Men bølgene slo ustanselig inn mot land.


Ett fasinerande syn, dessa bølgene :)

















Vi satt nesten i sjøkanten og åt kveldsmaten,
mens vi såg på bølgene og solnedgangen.
En flott slutt på dagen.
Bedre enn barne-tv til kveldsmaten det :)

onsdag 18. mars 2009

Nummeret før museøyre på bjørka :)

Denne bjørka fanga oppmerksomheta mi på tur i går.
Tenk, det er rett før blada sprett ut :)
Litt rart, for alt anna er 2-3 veker seinare enn i fjor.
Og dette er no veldig tidlig.
.......
Bildet vart veldig uklart pga litt vind,
men grønfargen viser godt.
DEILIG - VÅR :)

tirsdag 17. mars 2009

Tur på Osberget i dag :-)

Det blir 2 innlegg i dag.
Hadde tenkt å skrive litt i går kveld.
Men det tek litt tid å redigere bilda,
og vips var det langt over leggetid :)
.......
Etter jobb i dag gikk eg, gubben og piå vår på tur opp på Osberget.
Ikkje akkurat en krevande 'fjelltur',
men ett veldig variert og fint turterreng.
Litt oppover, litt nedover, litt vått, litt tørt, litt stokk og litt stein...
og litt trebruer.

Vel oppe på Osberget leika vi oss oppe i trollskogen der.
En kjempefin furuskog.
Flott skog å klatre i :)
Vi er veldig heldige som har sånt flott turterreng i nærmiljøet.
Turen tok ett par timar,
då rakk vi både å leike oss og kose oss med litt medbrakt kjeks og drikke.


Og om terrenget er flott og trollskogen er bra,
er ikkje utsikta mindre majestetisk :)

Utsikt mot Skeide og storhavet.

Baking og navnefeil i hagebok :-/



Piå mi fikk seg prinsessebok til 5 års dagen.
Og den innholder alt en prinsesse treng å vite :)
Blant anna er det oppskrift på 'Den gode fes tryllestaver'.
Og det baka vi i går.



Dei vart fine og kjempegode.
Omtrent som julekaker :D
Når vi var ferdige vart storebror og kjæreste invitert på tryllestaver :)

So kjøpte eg meg ei ny hagebok på Mammutsalg.
Og den ser veldig bra ut den,
MEN sjå kva som er avbilda langt framme i boka,
under navnet etasjeprimula :O

Sånn ser berre en Kosakkveronika 'Veronica gentianoides ut!!!

So har eg klipt ned sommerfuglbuska mi,
og satt 15 stiklingar av den.
Kanskje det blir nokre sommerfuglbusker til :D

Det var på lørdag.... No snør det tett ute :/

onsdag 11. mars 2009

Krokus og andre vårtegn.

I dag har vi hatt en fantastisk flott vårdag :)
Det sludda og snøa i høgda (på ca 100 meter) i går kveld,
so eg var litt bekymra for veret i dag.
Det starta litt surt,
men veret vart fantastisk :)
.......
Når eg kom heim frå jobb,
var vi ute i hagen til kl var over 6 og sola gikk ned.
Piå mi fant gledesstålande en flott krokus.
Hadde glømt at eg hadde krokus,
so den var det kjekt når ho fant.

Ellers gikk eg og kameraet og kika nærsynt rundt i hagen,
på leit etter våren.
Og vi fant den :)
Geranium Phaeum - Brunstorkenebb.
Nydelige blad.
Denne var ny for meg i fjor,
så eg har ikkje sett den i blomst i hagen min.
Gleder meg :)
Primulaen lyser opp litt hist og her i hagen.

En enslig liten tusenfryd som eg har leika meg med i Photoscape :)

I epletreet lever takløken og skyggesildra mi i beste velgåande.
Takløken har bodd der ett par sesongar.
Skyggesildra vart planta der i fjor sommar.
Småhjerte - Dicentra formosa er i full fart på vei opp.
Ei flott staude som blomstrar heile sommaren langs muren min.
Kuleprimulaen har danna fine knoppar,
og snøklokkene lyser kvitt i kvitt.
.......
Pulsatilla'en - Stor kubjelle har vist sine første lodne øyre :)


Ellers har eg klipt vekk alt gammalt lauv av crocosmia x crocosmiiflora'en min. Den vekse i ett 3 meter langt bed langs muren min.

Eg klipper den no, for når den har begynt å spire er det so lett å øydelegge dei nye skudda. So får avklippet ligge over til frostfaren har lagt seg.

Eg er so heldige at på mine kantar so overvintrar denne fint ute.

Og den sprer seg også en del. Ei nydelig staude som lyser opp hausten