torsdag 4. september 2008

So har eg og fått meg blogg :-)

Ja ja so skriv eg hagedagboka mi i ein blogg.
Tenker at det ikkje blir den heilt store forskjella frå den andre dagboka.

I dag har vi hatt ett aldeles nydelig ver -
varmt og masse sol - herlig :-)

Eg har flytta klematisen min som har klatra oppetter epletreet i dag.
Både i fjor og i år har blomstrane vorte oppspist etterkvart som dei har sprotte ut.
So den har ikkje vore noka pryd akkurat.
Må vere noke dyr som bor i epletreet,
for eg har ein klematis til som står åpent og fritt,
og den har ikkje blitt spist på.

Vel, det var ingen stor operasjon, for den veks i ei diger trekasse.
So eg løsna berre greinene frå epletreet og bar kassa med meg.
Eg plasserte den ved ei Aroniabusk og slengte greinene over -
og der blir den sikkert flott neste sommar :-)

Det er en C.'warsawska nike', so den skal/treng vel ikkje klippast ned....??

Ellers har eg klipt vekk litt halvvisne prestekragar og litt anna pjask her og der.

En nydelig ettermiddag i hagen :-)

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med dagbok ;-)
    Her vil du nok trives, synes det er enklere her enn på Hagegal.
    Har lagt deg til på blogglista mi.

    SvarSlett
  2. Gratulerer og velkommen som blogger!!!

    SvarSlett
  3. Heisann, og gratulerer med flott blogg! Eg er sikker på at du vil like denne likså godt som hagedagboka på Hagegal :)
    God helg!

    SvarSlett
  4. Nå har eg lagt deg til i blogglista mi! Cherie/

    SvarSlett