mandag 29. september 2008

Eg har begynt plantinga i skråninga... endelig.

Først dagens vermelding:
Ein flott høstdag, oppholdsver og litt sol.
Vindstille.
Og det trengte vi etter ei ganske våt helg.
.......
Etter jobb i dag var det rett heim og steike meg raspeball til middag.
Eg kokte raspeball til middag i går,
med røkt svineknoke, bacon, pølse, kålrabistappe og poteter til.
Det er snaddermat :)
Og det er ikkje mindre godt å steike dagen derpå :)
.......
Etter at eg hadde inntatt en skikkelig solid porsjon,
bar det rett uti skråninga for å jobbe.
Den har vorte nedprioritert i heile sommar og høst;
pga ver, giddaløyse og andre ting.
Men no måtte eg berre...
En fantastisk jobb på full mage :D
.......
Vel, eg fikk planta dei 5 første buskene, no har eg berre 31 igjen.
Men eg er i gong, og då er det lettare å fortsette... trur eg...


Etter at det var gjort måtte eg på jobben igjen,
på ett par timer langt kveldsmøte.
.......
So dagen har iallefall ikkje mangla gjeremål,
den har vel heller hatt knapt med timar.
No skal eg kose meg med 71 grader nord, som gubben har tatt opp til meg :)

3 kommentarer:

  1. Jammen er du sprek som klarar å gå rett frå eit klubbemåltid og ut i hagen for å plante ! (som regel må eg ha ein god strekk på sofaen etter på ein slik gourmetisk opplevelse !
    Enig i at steikt klubb dagen derpå er vel så godt.

    Lagar du klubben frå grunnen av eller har du og teke i bruk "Raspeballmjøl" som er i handelen. Vi har det siste året teke det i bruk og funne ut at det vert omtrent det samme, det som set smak på klubben er uansett tilbehøret.
    Vi brukar røykte knokar, gulrot , kålrot og grov pølse. Eg må ha surmelk til og madammen brukar sukker.k

    SvarSlett
  2. Har hatt nokre dagar med ball her i huset også. Det er godt både kokt og steikt. Nam, nam..
    Brukar salt fårekjøt, gulrot og kålrot og steikt bacon til.
    Men arbeide etter eit måltid med ball, nei då er det full avslapping i godstolen.

    SvarSlett
  3. Eg var nok litt stinn nedi skråninga ;-)

    Denne gongen laga eg alt frå grunnen av. Eg mol det også i god gammaldags kvern.
    Men eg har også brukt det raspeballmjølet ein del, og det er heilt greit.

    Eg drikk søt melk til, gubben vil ha saft.
    kjæresten til sonen min vil ha sukker på.

    Uansett - nydelig mat :)

    SvarSlett