søndag 7. september 2008

27.april-08 kl 00.13

I dag er skogen grøn:-)
søn apr 27, 2008 0:13

[ Hagedagbok 2008 ]

I dag har ikkje lenger bjørka berre små museøyrer, den har blad - so no er skogen grøn Når det vart overskya vart det ein heilt annen temperatur om natta, so det har nesten eksplodert ute siste 2 dagane. Akkurat no er det 11 grader ute. I dag har eg laga til 2 karmar til i kjøkkenhagen min. Eg har fylt dei med mold, i sekkar og hønsegjødsel. So har eg strødd litt blodmel over i alle 3 karmane. So leita eg opp litt makk (meitemark) som fikk flytte inni i kjøkkenhagen min Eg må kjøpe meir mold til den siste karmen over helga, vart selvfølgelig for lite det eg hadde. I mårgå får eg plante ut noke av det eg har sådd inne, og så litt nytt ute. So har Klematisane mine, peonane mine og ranunkler og fioler fått seg ei dose med beinmel. Eg har også funne nokre små frøplantar i dag, dei får eg følge med på kva er. Har ikkje sett den sorten før. Dei er pittesmå ennå. Det har kome ett lite, taggete blad (utenom dei to førtse frøblada) som er grønt med litt rødt innerst. Blir spennande å sjå om det er noke å ta vare på. Har etterkvart planar om å lage meg ein Hostabed ved inngangspartiet, østvendt. Det blir nok ett pallekarmbed. So må eg plante noke tidlig blomstrande sammen med hostaene. Iallefall kuleprimula må eg ha der. Så trur eg kanskje eg må ha litt kirgisløk der. Natti natti

Postet av: Mariann S
1 svar

1 kommentar:

  1. potentilla
    Bosted: Tromsø/Ringvassøya

    Skrevet: søn apr 27, 2008 10:24

    Jeg er bittelitt misunnelig, måket verandaen i går...

    SvarSlett