Var ute i kjøkkenhagen i dag og såg til purreløkane mine,
det var puslete greier gitt.
Har ikkje so mykje greie på det,
men trur neppe dei veks noke meir no.
Men kanskje dei er brukandes som dei er??
Vel... dei kan få stå endå.
.......
I bygda eg kjem frå var det nede på 0 grader i dag,
og det snøa heilt nedi fjøresteinane.
So pass at det vart kvita.
Det er berre 40 minutt frå her eg bor,
men her har det heldigvis snøa berre nedi fjelltoppane.
Blir spennande å sjå i mårgå....
Blir nok omlegging til vinterdekk....
.......
Piå mi har ei sånn magnettavle,
i dag har ho tegna en fantastisk katt på den :)
