torsdag 5. mars 2009

Eg har fanga våren i dag...

Når eg var lita fantes det ikkje hestehov på disse trakter,
iallefall ikkje i heimbygda mi.
Det nærmaste vi kom var følblomst og løvetann.
Hestehov var noke vi hørte om på tv,
som eg trudde berre fantes på østlandet -
ett land langt vekke :)
.......
Eg var voksen før eg såg hestehov første gong på desse kantar.
Men no er den overalt, også her.
Og eit herlig vårtegn.
I går såg eg årets første hestehov, i ei lita barnehand :)
Ett nydelig syn.
.......
I ettermiddag var vi i fjøra for første gong denne våren.
Og innunder nokre plankebitar stod denne løvetannen klar til å sprette ut.
Eg elskar sånne vårtegn.
Då klarar eg (så vidt :D) å tenke på at det kan komme fleire vintrar også i år.

Den eine klematisen min (C. warsawska nike)
som bor/overvintrar i ei potte ute, har fått flotte nye skudd.
Skudda kjem både på gammal ved og frå rota.
Håpar det ikkje kjem frost so dei frys.
Denne rosa vart nesten som kunst i hagen.
Litt gammalt og litt nytt.
Buskmurene som var nyplanta i haust har fått masse ørsmå blad :)

Og so denne her då.
Ringblomster som eg berre lot stå ute i vinter.
I ei gammal strikkekorg.
Dei ser friske og fine ut.
Kan Ringblomster overleve og komme igjen året etter?
Det blir artig å følge med på.
Det er jo ganske mildt her,
so ingenting er umulig :)


Siste dagane har vi hatt ett nydelig vårver her hos oss.
Flott temperatur og ikkje nedbør.
I dag har sola varma skikkelig godt :D
Måtte dette veret vare og vare og vare :)

6 kommentarer:

  1. Løvetann er vel ikkje akkurat min favoritt, men desse bilda var jo heilt fantastiske!
    Eg trur våren er komen litt lenger hjå deg enn hjå meg

    SvarSlett
  2. Herlige vårtegn på dine trakter.
    Her har vi bortoversnø/sludd i dag. Riktig ufyselig med andre ord.
    Artig med den ringblomsten som ikke nøyer seg med å være ettårig. Håper den klarer det:)

    SvarSlett
  3. Her er det full vinter enda, men i kveld reiser vi til Romsdalen, og der er det også vår..... :)

    SvarSlett
  4. Flotte vårtegn, alle sammen. :)
    Jeg har kikket litt rundt på bloggen din nå.
    Liker meg her. :)
    Linker deg, og kommer med glede innom deg igjen. :)

    SvarSlett
  5. Du er hjertlig velkommen Ida :)

    SvarSlett