mandag 15. desember 2008

Eg har baka mengder med horn og julebrød.

I går hadde eg ein stor (laaang) bakedage.
Eg lagde horn, eller 'hånj' so ej seie på mørsk :),
av 6 kilo kveitemjøl.
Og det vart nøyaktig 132 horn til jul.
Horn med heimelaga leverpostei,
det er god julefrokost det, nam nam :)
.......
Holdt på med det nokre timar,
med god hjelp frå piå mi.
Ho har ei utrulig tålmodighet når det gjeldt baking.
'Du e no heldige so he ei sånn flinke høne te å hjelpe dej du mamma', sa ho i går :)
.......
Når eg var ferdige med det, var eg so godt i gang
at eg satte ei deig med julebrød.
Det vart 2 julebrød til jul.
Dei såg fine ut,
og smakte kjempegodt :)
.......
Julebrød til jul :)

Horn i store mengder :)



4 kommentarer:

  1. Du allstyrendes for mengder! Ser riktig gode ut.

    SvarSlett
  2. De skal bli gode å ha fremover etterjulsvinteren, tenker jeg :)

    SvarSlett
  3. Du er nå ualminnelig flittig. Og de horna så fryktelig gode ut.

    SvarSlett
  4. Du store min for mengde! Baksten din så riktig vellykket ut.
    Kjekt å bake sammen med ivrige unger:-)

    SvarSlett