søndag 21. september 2008

Rydda i jordbæråkeren i dag.

Dagens vermelding: Ein varm flott haustdag med mykje sol.
Litt vind har det vore, men ikkje kald vind.
I dag har eg fått rydda opp i jordbærpallekarmåkeren min.
Eg har fjerna alle utløparar og gamle visne blad.
Eg har berre 13 plantar,
men for å vere førsteårs plantar har eg fått plukka masse flotte jordbær :).
Men no såg det ut til å vere nesten slutt på jordbæra, berre 4-5 stk igjen.
Plukka også inn 2 store squash i dag.
Og her har eg årets treigaste solsikke 'Ice cream',
ikkje veit eg kvifor ho har vore so treg, men no driv ho og sprett ut.
Håpe vi får nyte den litt før høstruskeveret sett inn.
Kanskje vi er så heldige at vi får samle frø til neste år også.
Er solsikker frøekte skal tru??
Fargen er nydelig, så eg håpar det.

Endå så har eg nokre fine ringblomster igjen også, dei lyser så fint opp ute.

Kinasøta er kjempefin no, det sprett ut fleire og fleire blomster for kvar dag.
Godt med noke som lyser sånn opp i hagen som den på denne årstida når resten ute falmar.


Eg trudde kvepsane var superivrige i Kinasøta i dag,
men når denne luringen titta opp såg eg at det var ei blomsterfluge :)

Geranium cinereum 'ballerina' har blomstra nesten heile sommaren,
og den er aldeles nydelig i fargane syns eg.
Eg trur det er berre 'Ann folkard' som slår den i skjønnhet her hos meg :)

Primula saxatilis har ett flott andreflor no :)


Og det har også klokkebuska :)

Her har eg en bergknapp som er navnlaus.
Litt lik oktoberbergknappen men den er rundare i blada.

Oktoberbergknappen blomstrar også flott no.

So er helga nesten over for denne gong.

1 kommentar:

  1. Mine jordbærplanter er blitt så gamle nå. Men veit ikke helt om jeg skal ta av skuddene og ha til neste år. Har så lyst på mere løk i hagen, masse løk faktisk. Det er det vi bruker mest her i familien. Vi får nå sjå.

    Solsikkefrøene bruker jeg til kjøttmeis og blåmeis. Det er så gøy å se de henger der og hakke i seg frøene.

    Mye flotte blomster i hagen din nå og. Jeg har gitt opp kinasøten her. Den gror bare ned, for jeg har så mye kraftige store stauder over alt. Må kanskje ha et nytt bed som bare har små stauder i.

    Ha en fortsatt fin dag:-))

    SvarSlett