søndag 7. september 2008

8.juni-08 kl 23.47

Hagegaltreff hos ElinG i går :-)
søn jun 08, 2008 23:47

[ Hagedagbok 2008 ]

I går fikk eg jammen med meg ein bit av hagegaltreff hos ElinG Kom oss litt seint avgårde, so eg var ikkje med til Torheim. Men det var artig å treffe nye og 'gamle' kjente. ElinG traff eg i fjor når ho og Strand besøkte meg i min hage RandiF, Cherie og Hajal traff eg for første gang i år - kjempekjekt Eg kom overraskande på terrassen til ElinG, det var kun ho som viste at eg kom. Eg hadde egentlig andre planar for helga, men når det skar seg fant eg og gubben ut at telttur på Eid var midt i blinken Det var litt artig å sjå tre overraska fjes når eg kom opp trappa til terrassen Eg har ingen stor fuksiadille, men det var mykje flotte fuksiaer hos 'fuksiamannen' Min manglande fuksiadille består nok mest i at eg har ingen plass til å ta dei inn om vinteren, og då er vitsen vekke. Etter endt treff 'ordna' Elin teltplass hos naboen hennar - nede ved Eidselva. En kjempeflott plass med grue/bålplass Elin kom på besøk om kvelden og passa på at vi ikkje tørka ut Kjempekoselig Vi hadde tenkt oss to netter i telt, men sida veret var litt utrygt, fant vi det best å pakke sammen i halv ett tida i dag, og det var vi jammen glade for når vi møtte øsepøseregnet på Stårheim på veg heim. Ein liten hadebratur innom Elin hadde vi før vi for heim, og jammen hadde ho laga til nokre overraskelsar til meg også - blant anna en Ridderspore og en primula No får eg krype til køys, natti natti.

Postet av: Mariann S
0 svar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar