mandag 29. september 2008

Eg har begynt plantinga i skråninga... endelig.

Først dagens vermelding:
Ein flott høstdag, oppholdsver og litt sol.
Vindstille.
Og det trengte vi etter ei ganske våt helg.
.......
Etter jobb i dag var det rett heim og steike meg raspeball til middag.
Eg kokte raspeball til middag i går,
med røkt svineknoke, bacon, pølse, kålrabistappe og poteter til.
Det er snaddermat :)
Og det er ikkje mindre godt å steike dagen derpå :)
.......
Etter at eg hadde inntatt en skikkelig solid porsjon,
bar det rett uti skråninga for å jobbe.
Den har vorte nedprioritert i heile sommar og høst;
pga ver, giddaløyse og andre ting.
Men no måtte eg berre...
En fantastisk jobb på full mage :D
.......
Vel, eg fikk planta dei 5 første buskene, no har eg berre 31 igjen.
Men eg er i gong, og då er det lettare å fortsette... trur eg...


Etter at det var gjort måtte eg på jobben igjen,
på ett par timer langt kveldsmøte.
.......
So dagen har iallefall ikkje mangla gjeremål,
den har vel heller hatt knapt med timar.
No skal eg kose meg med 71 grader nord, som gubben har tatt opp til meg :)

mandag 22. september 2008

Eg har hengt opp tomatane til modning.

Dagens vermelding: Høst....
En sånn midt på treet dag. Ikkje spesielt varmt.
Oppholdsver.
Leste ein stad at for å få modne tomatar kunne en skjere ned plantane,
fjerne alle blad og henge dei mørkt og kjølig. Gjerne sammen med ett par epler.
Gassen (huska ikkje navnet på den) som epla skiller ut,
vil stimulere tomatane til raskare modning.
Vel eg har ingenting å tape, for ute modnar dei ikkje.
Og eg trur at 'steikte grønne tomatar' er best på film :)


søndag 21. september 2008

Rydda i jordbæråkeren i dag.

Dagens vermelding: Ein varm flott haustdag med mykje sol.
Litt vind har det vore, men ikkje kald vind.
I dag har eg fått rydda opp i jordbærpallekarmåkeren min.
Eg har fjerna alle utløparar og gamle visne blad.
Eg har berre 13 plantar,
men for å vere førsteårs plantar har eg fått plukka masse flotte jordbær :).
Men no såg det ut til å vere nesten slutt på jordbæra, berre 4-5 stk igjen.
Plukka også inn 2 store squash i dag.
Og her har eg årets treigaste solsikke 'Ice cream',
ikkje veit eg kvifor ho har vore so treg, men no driv ho og sprett ut.
Håpe vi får nyte den litt før høstruskeveret sett inn.
Kanskje vi er så heldige at vi får samle frø til neste år også.
Er solsikker frøekte skal tru??
Fargen er nydelig, så eg håpar det.

Endå så har eg nokre fine ringblomster igjen også, dei lyser så fint opp ute.

Kinasøta er kjempefin no, det sprett ut fleire og fleire blomster for kvar dag.
Godt med noke som lyser sånn opp i hagen som den på denne årstida når resten ute falmar.


Eg trudde kvepsane var superivrige i Kinasøta i dag,
men når denne luringen titta opp såg eg at det var ei blomsterfluge :)

Geranium cinereum 'ballerina' har blomstra nesten heile sommaren,
og den er aldeles nydelig i fargane syns eg.
Eg trur det er berre 'Ann folkard' som slår den i skjønnhet her hos meg :)

Primula saxatilis har ett flott andreflor no :)


Og det har også klokkebuska :)

Her har eg en bergknapp som er navnlaus.
Litt lik oktoberbergknappen men den er rundare i blada.

Oktoberbergknappen blomstrar også flott no.

So er helga nesten over for denne gong.

Frilandstomater som ikkje blir modne.

I år har eg sådd og alt opp tomatar ute.
Det har gått fint heile vegen, men det ser ikkje ut til at dei skal bli modne :(
No ser eg at dei er litt gulare enn dei var når dei berre var grøne..
Ellers er tomatane fine dei, uten flekkar av noke slag.
Nokre små og nokre store.
Skal tru om dei kan brukast til noke når dei er gulgrøne?
Kanskje det er den svingande temperaturen som gjer at dei ikkje blir modne,
for sjøl om vi har hatt ein flott sommar,
har ikkje nattetemperaturen vore noke å skryte av.
Vel eg får vente å sjå ei stund til...


onsdag 17. september 2008

Ny fjelltopp i dag :)

I dag, etter jobb har eg vore på ein ny fjelltur.
Fjellet vi besteig i dag, var Sneldelia - 633 moh.

Vi starta rett etter jobb, og kom nedatt litt før det mørkna ute.
Vi hadde nydelig ver, sol og varmt.
Oppe på toppen var det litt trekkfullt..
Då var det godt med en kvikk lunsj og varm kaffe :)

Vi gikk opp i Indredalen på Brandal.

Når vi kom opp hadde vi utsikt utover mot Flø og Storehavet.
Snudde vi oss andre vegen såg vi tindar og fjell endelaust.
Vi har mektige fjell og mektig natur her på Sunnmøre :)

I fjellet har haustfargane so vidt begynt å vise seg.

Då er det berre å lade opp til neste vekes tur, gleder meg :)

tirsdag 16. september 2008

Ein ukjent klatrar...

Aller først...
Dagens vermelding: Sol og varmt - men pittelitt høstlig i lufta.
Men, fremdeles t-skjortever :)

I bytet mellom oss og naboen veks denne klatraren.
Eg har egentlig ikkje tenkt noke over den før, for eg har ikkje sett noke blomster.
Men no har blada fått en nydelig raudfarge.

Den er ganske pjuskete der den står, for det meste av blada er på gammal grå ved.
Men nokre friske greiner er der.
Og på dei såg eg at den har små sugekoppar. So den suger seg til underlaget.

Er det noken som er innom her som kan hjelpe meg med navn på denne klatraren?

Klikk på bildet, so blir det stort.

torsdag 11. september 2008

Kinasøten blomstrar

Dagens vermelding: Strålande og 25 grader i skyggen.
Dette veret er heilt fantastisk.

Eg har gått og venta på at Kinasøta mi skulle sprette ut.
Tua har vorte diger i år, den har mangedobla seg sida i fjor.

I dag når eg kom frå jobb såg eg at tre blomstrar hadde sprotte ut.

















No har eg tatt ett bedre bilde av Klematisen min,
den er nok meir rosa enn det det andre bildet viser.
6-7 cm i diameter er blomsten.


Den er nydelig


















onsdag 10. september 2008

Luftig fjelltur.

I ettermiddag har 6 stykker frå jobben hatt en fantastisk tur oppå Skolma,635 moh. Det er ett grensefjell mellom Ulstein og Hareid kommune. Den raude streken er ruta vi gikk.Vi gikk opp i Ytredalen på Brandal.

Ganske bratt i starten, inni skog, men etterkvart flata det ut og vi kom over tregrensa. Det er allerede mykje haustfargar i fjellet, noke som gav turen en ekstra opplevelse.


Utsikta vi fikk når vi kom opp kunne ta pusten frå kem som helst.
Utsikt rett uti åpent hav, samt utsikt rett ned på Godøya.
Litt til venstre såg vi også Valderøya, Giske og Vigra - og Ålesund.

Vi hadde nydelig ver, men på toppen bles det friskt.

Hadde eg hatt kamera skulle eg so gjerne tatt bilder, men på forrige fjelltur falt desverre kameraet mitt nedi steinane og vart ødelagt.
Godt tips folkens: Kjøpe kamera med 'idiot'forsikring, - det gjorde ikkje eg :-(

Vi gikk rett etter jobb og kom heim etter at det hadde begynt å mørkne, so haginga i dag var i guds frie natur.

Neste veke står en ny topp for tur :-), gleder meg allerede.

mandag 8. september 2008

En, for meg, ny klematis spratt ut i dag.

I dag spratt en, for meg, ny klematis ut.
Heilt nydelig i fargen.
Raud-burgunder i kanten og meir rosa innover i blomsten
Den er ikkje heilt utsprotten endå -
gleder meg til å sjå den i full blomst i mårgå.

Eg satte denne som stikling for ett par år sida, og det er første gong den blomstrar.
Den har 10 flotte knuppar :-)

Kanskje det er en 'ville de lyon'?
Den heilt store haginga er det ikkje for tida,
det blir mest kos og fotografering.

Veret er berre heilt fantastisk på desse kantar :-)
I dag oppdaga eg at Praktlewisiaen min,
Lewisia tweedy, også hadde begynt å blomstre igjen.
En flott Lewisia.
Liker denne mykje bedre enn Lewisia cotyledon.
Håpar den får det tørt nok i vinter og overlever.


Også Geranium cinereum 'ballerina' står med nokre få blomster.
Det er mykje flott å fotografere:
Sjøl en Iris frøstand er ett kunstverk :-)
Ha ei god natt folkens :o)

søndag 7. september 2008

Blomstring og høstfargar i hagen.

En aldeles nydelig dag i dag - og slett ikkje en høstdag.
Vi har hatt strålande sol frå skyfrihimmel og rundt 20 grader.
So en smak av seinsommaren har vi hatt - og sånn har heile helga vore :-)


Men i hagen har høstfargane begynt å vise:





Men litt er det som blomstrar og:


Frynsesøta e nydelig der ho står.




Og værhanen 'crocosmia x crocosmiiflora' lyser mot himmelen




Clematis ' multi blue' blomstrar kjempeflott iår,
i fjor fikk den berre 1 blomster.



No lokkar loppekassa,
skal tidlig på jobb i mårgå - kl 06.45
Ha ei fin veke alle sammen :o)

27.august-08 kl 23.08

Planting og ordning rundt sitteplass. ons aug 27, 2008 23:08
[ Hagedagbok 2008 ]

Det blir langt mellom innelgga her gitt. Heldigvis blir det gjort meir i hagen enn i dagboka. Har til og med i går hatt flott ver, og då må det nytast ute - ein blir tidsnok sittande inne.... Det siste bedet eg grov opp er no ferdig planta Her er det klart for planting 17. august.




















Ellers har eg ordna utanfor inngangspartiet. Der har det vore oppbevart mykje sådd og stiklingar i pallekarmane.
No har det vorte litt meir bed oppi der, med noke av årets sådd i framkant.
Rosestiklingar og stokkroser i bakkant.




















Eg har også planta nokre busker i potter framfor pallekarmbeda.
Sommarfuglbusk i ei nyinnkjøpt diger potte, klokkebusk og korsikajulerose.
Tenker det blir fin sitteplass til neste sommar - og utover høsten selvfølgelig :)






















Litt i bevegelse er eg og. PÅ mandag var vi 7 stk frå jobb som besteig 2 fjelltoppar etter endt dag på jobb.
Garnestua på 653 moh og Flåna på 615 moh. En fantastisk flott tur, men kanskje litt mykje vind. En sånn tur gir masse energi og overskudd. Neste onsdag skal en ny topp bestigast.
Vi skal prøve å gå en ettermiddag i veka framover.
Utsikt frå Garnestua ned mot Ulsteinvik og utover havet - ei mektig utsikt :)


















I ettermiddag var Lotta og systå mi innom og fikk seg nokre stauder av meg - div storkenebb.
No er det snart natta - igjen , dagane går fort gitt.
Postet av: Mariann S

7.august-08 kl 13.24

Tid til hagedagbok igjen... tor aug 07, 2008 13:24
[ Hagedagbok 2008 ]
No er det jammen lenge sida eg har vore innom her gitt. I begynnelsen av juli var det altfor varmt til å skulle vere inne meir enn nødvendig. Berre så vidt innom her og las og kommenterte nye innlegg.
So vart det ferietid og mykje reising. Og ferien er ikkje ferdig heilt endå - heldigvis.
Men sola og varmen har gitt seg - er ikkje heilt fornøgde med det. Sjøl om eg ikkje trives for godt når det er over 30 grader i skyggen... Men uansett har eg fått gjort en del i hagen denne sommaren. Etter snart 3 veker på tur var det mykje hage å ta igjen når vi kom heim
To av dei små beda mine har vorte til ett ganske stort Og det har vorte fint.


Eg hadde ett bed i mest raud/rosatonar....















og eit bed i mest gult og oransje -
det var eg egentlig lite fornøgde med..


Hadde i starten berre tenkt å utvide kvart av beda litt, men med litt påvirkning her inne frå so vart det litt meir enn det



og det vart mykje graving....

mykje torver, og mykje regn - so det vart tungt arbeid dette...






Men før eg for på ferie stod bedet klart til omplanting...

Det første eg gjorde med bedet når eg kom heim, var å få på plass trakkheller i bedet.





Og det vart no ein søt liten steingang












Ferdig omplanta bed, vart ganske fornøgde med bedet


So har eg fått ein sitteplass under epletreet med utsikt til dette bedet og litt til....

No er det dette bedet som står for tur...
Fortsatt god sommar folkens

20.juni-08 kl 22.16

Null utehaging i dag.
fre jun 20, 2008 22:16

Formiddagen var ok, men berre ok, vermessig.
Etter ca kl 16 har det sipa ned i ett banke kjør.
No vil eg ikkje ha meir væte - no vil eg ha soool!!
Leser om kontaster i hagen hist og her. I min hage er det også kontaster, sjå berre her:


Haging en regnversdag og haging en solskinnsdag














15.juni-08 kl 23.52

Stor 'blomst' midt i hagen ;-)
søn jun 15, 2008 23:52


[ Hagedagbok 2008 ]

Gubben 'sprang' rundt med kamera i dag, og jammen va største blomsten av alle festa til 'lerretet'
















Postet av: Mariann S
4 svar

8.juni-08 kl 23.47

Hagegaltreff hos ElinG i går :-)
søn jun 08, 2008 23:47

[ Hagedagbok 2008 ]

I går fikk eg jammen med meg ein bit av hagegaltreff hos ElinG Kom oss litt seint avgårde, so eg var ikkje med til Torheim. Men det var artig å treffe nye og 'gamle' kjente. ElinG traff eg i fjor når ho og Strand besøkte meg i min hage RandiF, Cherie og Hajal traff eg for første gang i år - kjempekjekt Eg kom overraskande på terrassen til ElinG, det var kun ho som viste at eg kom. Eg hadde egentlig andre planar for helga, men når det skar seg fant eg og gubben ut at telttur på Eid var midt i blinken Det var litt artig å sjå tre overraska fjes når eg kom opp trappa til terrassen Eg har ingen stor fuksiadille, men det var mykje flotte fuksiaer hos 'fuksiamannen' Min manglande fuksiadille består nok mest i at eg har ingen plass til å ta dei inn om vinteren, og då er vitsen vekke. Etter endt treff 'ordna' Elin teltplass hos naboen hennar - nede ved Eidselva. En kjempeflott plass med grue/bålplass Elin kom på besøk om kvelden og passa på at vi ikkje tørka ut Kjempekoselig Vi hadde tenkt oss to netter i telt, men sida veret var litt utrygt, fant vi det best å pakke sammen i halv ett tida i dag, og det var vi jammen glade for når vi møtte øsepøseregnet på Stårheim på veg heim. Ein liten hadebratur innom Elin hadde vi før vi for heim, og jammen hadde ho laga til nokre overraskelsar til meg også - blant anna en Ridderspore og en primula No får eg krype til køys, natti natti.

Postet av: Mariann S
0 svar

1.mai-08 kl 22.12

Herlige hagetid :-)
tor mai 01, 2008 22:12

[ Hagedagbok 2008 ]

29.april I dag slo eg plenen for første gang i år - uten at eg har sjekka det trur eg at det er omtrent som i fjor. Har laga hengeampel med slyngblomkarse. Brukte 'skogmose' i botnen og i molda blanda eg inn 'bleiefyll' sånn at det holder på fuktigheta i molda. Greit å sleppe kvar dag, og so vil ikkje vatnet renne rett gjennom. Eg blanda også litt benmel i molda, Blomkarsen vart planta både oppi ampelen og rundt kanten. No heng den i epletreet. 1.mai I fjor sådde eg Cortusa matthioli. Frøa hadde god spiring og dei fleste overlevde også vinteren i pallekarmbedet mitt. So begynner dei å vokse no i vår. Tenker ikkje med en gong på at blada ser litt ulike ut. Tre typer blad. To av dei har samme form, men litt ulike i farge, Den 3. sorten er heilt ulik både i form og farge. So får dei blomsterknoppar. Den einesorten av dei med like blad, men lysast i fargen får cortusa knoppar, litt overhengande klokker, med klar rosa farge. Den med dei blada som er ulike dei andre får en opprett knopp med lys lilla blomster. Lavendelfarga, den spratt ut i dag. Eg sådde kun 2 typar frø i fjor og det var Pulsatilla vulgaris og Cortusa matthioli. Og pulsatillaene vokser i karmen vedsiden av og er heilt annerledes. Eg fikk frøa av ei veninne som igjen hadde kjøpt dei av Magnar. Eg har tatt bilde, men har ikkje lagt dei inn endå, det blir gjort snart. Blir veldig spennande å finne ut av kva som veks i pallekarmen min I dag har eg fylt mold i siste karmbedet i kjøkkenhagen min. I mårgå må eg avsted for å finne jordbærplantar. Eg sådde purrefrø i karmbedet i går. I dag har eg planta ut vanlig oregano der. Eg prikla sitronmelisse, basilikum, div salater (som eg ikkje fikk plass til i karmbedet) og agurkurt. Gresk oregano har ikkje spirt endå, men snart Solsikkene har heller ikkje spirt. Eg har planta ut sukkererter i ei stor trekasse og laga klatrevegg bak. I forkant har eg planta blomkarse som skal få vekse over kanten og utover en stein .

Postet av: Mariann S
2 svar

27.april-08 kl 00.13

I dag er skogen grøn:-)
søn apr 27, 2008 0:13

[ Hagedagbok 2008 ]

I dag har ikkje lenger bjørka berre små museøyrer, den har blad - so no er skogen grøn Når det vart overskya vart det ein heilt annen temperatur om natta, so det har nesten eksplodert ute siste 2 dagane. Akkurat no er det 11 grader ute. I dag har eg laga til 2 karmar til i kjøkkenhagen min. Eg har fylt dei med mold, i sekkar og hønsegjødsel. So har eg strødd litt blodmel over i alle 3 karmane. So leita eg opp litt makk (meitemark) som fikk flytte inni i kjøkkenhagen min Eg må kjøpe meir mold til den siste karmen over helga, vart selvfølgelig for lite det eg hadde. I mårgå får eg plante ut noke av det eg har sådd inne, og så litt nytt ute. So har Klematisane mine, peonane mine og ranunkler og fioler fått seg ei dose med beinmel. Eg har også funne nokre små frøplantar i dag, dei får eg følge med på kva er. Har ikkje sett den sorten før. Dei er pittesmå ennå. Det har kome ett lite, taggete blad (utenom dei to førtse frøblada) som er grønt med litt rødt innerst. Blir spennande å sjå om det er noke å ta vare på. Har etterkvart planar om å lage meg ein Hostabed ved inngangspartiet, østvendt. Det blir nok ett pallekarmbed. So må eg plante noke tidlig blomstrande sammen med hostaene. Iallefall kuleprimula må eg ha der. Så trur eg kanskje eg må ha litt kirgisløk der. Natti natti

Postet av: Mariann S
1 svar

4.april-08 kl 23.52

Årets første kvitveis såg/plukka eg i dag :-)
fre apr 04, 2008 23:52

[ Hagedagbok 2008 ]

På vei heim frå jobb i dag såg eg masse kvitveis som blomstra oppe i ei skråning. Eg berre måtte klatre opp og plukke.... Men det er ikkje berre vår, for her har det sludda også i dag - og det skremmer meg Ellers har det vore skikkelig møkkaver her i dag, pissregn og vind - det starta i natt. I går ettermiddag (etter en dag med skodde) vart veret heilt nydelig - sol og skikkelig varme. Raka masse gammalt lauv og samla i dungar. hadde tenkt å fjerne det, men ville berre vente litt. Gjett ka som ligg der ennå - søkke vått Ja ja, får ta det i mårgå I dag har dei 7-8 første spirane av tomat kome opp No må eg rigge meg klar til Queen på tv'en

Postet av: Mariann S
1 svar

SÅLISTE 2008 - 18.mars til14.juni-08

Litt nysådd av diverse.
lør jun 14, 2008 12:17

Eg har sådd litt nytt på staudefronten.
Har sådd i nummererte potter:

4. Aquilegia mor: 'nora barlow'
5. Aquilegia vulgaris 'ruby port'
6. Aquilegia clematiflora
7. Cortusa matthioli 'alba'
8. Kvitmure
9. Primula 'japonica' ?
10. Cephalaria gigantea


8.august-07 kl 00.25

Grågåsa reiser sørover... Og høstfloksen blomstrar.
ons aug 08, 2007 0:25

[ Hagedagbok 2007 ]

No om dagane reiser grågåsa over her i store flokkar på veg sørover. Første flokken for 3.august. I fjor for første flokken 4.august. Har følgt med på dette i ei årrekke no. Syns det er kjempespennande. Dei reiser alltid første veka i august. Sjøl lissjetutta på 3 syns det er spennande. Dei lagar mykje leven når dei fær over hustaka her, og då spring ho ut for å sjå. Spesielt spennande syns ho det er at dei flyg akkurat som bokstaven til storebroren, i ein V Ellers har dagliljene min begynt å sprette ut. Endelig, dei har ikkje blomstra på 3-4 år. Veit ikkje kvifor. Dei har vore på flyttefot siste åra, men det kan ikkje vere derfor, for dei kom ikkje i jorda i hagen her før i april. Og i vinter stor dei med åpen rotklump oppå bakken. Og rart at alle tre tuene skulle blomstre i år då... Men uansett dei er rålekre, mørk burgunder Trudde eg hadde ei tue med 'Frans Hals' også av dei store tuene, men nei. Eg har flytta so monge gongar att det må gå i surr Ellers er det tid for høstfloks no, og so såg eg antydning til blomstring i toppen på Akssøyleblomsten. Og prestekragane er kjempefine. Spesielt i skumringa, då lyser dei so fint i halvmørket Eg blir meir og meir sikker på at ett kvitt bed er tingen

Postet av: Mariann S
0 svar

torsdag 4. september 2008

So har eg og fått meg blogg :-)

Ja ja so skriv eg hagedagboka mi i ein blogg.
Tenker at det ikkje blir den heilt store forskjella frå den andre dagboka.

I dag har vi hatt ett aldeles nydelig ver -
varmt og masse sol - herlig :-)

Eg har flytta klematisen min som har klatra oppetter epletreet i dag.
Både i fjor og i år har blomstrane vorte oppspist etterkvart som dei har sprotte ut.
So den har ikkje vore noka pryd akkurat.
Må vere noke dyr som bor i epletreet,
for eg har ein klematis til som står åpent og fritt,
og den har ikkje blitt spist på.

Vel, det var ingen stor operasjon, for den veks i ei diger trekasse.
So eg løsna berre greinene frå epletreet og bar kassa med meg.
Eg plasserte den ved ei Aroniabusk og slengte greinene over -
og der blir den sikkert flott neste sommar :-)

Det er en C.'warsawska nike', so den skal/treng vel ikkje klippast ned....??

Ellers har eg klipt vekk litt halvvisne prestekragar og litt anna pjask her og der.

En nydelig ettermiddag i hagen :-)