So var det Petunias ABC i ord og bilder.
På denne tida av året klarer eg knapt å følge med i svingane.
Eg lever mest ute i hagen, er inne berre når eg må.
Og knipsar masse bilder.
Men eg finn knapt med tid til å legge dei inn på pc'en.
Og få lasta dei opp på nettet,
det blir det mindre av gitt.
Hadde tenkt å få det til på fredagen,
men so vart det hyttetur i steden :)
Men NO blir det ett STORT Jafs :)
Q, R og S.

Først tar eg denne vekas bokstav:
S
Og då blir det Gentiana Sino-ornata - Kinasøte.
Dette er ei nydelig hauststaude.
Den brer seg sakte men sikkert utover,
men blir aldri for stor.
Den er lett å formere ved å ta småplantar og putte i molda her og der.
Den startar blomstringa si tidlig i september og held på til oktober.
Blåfargen er noko aldeles for seg sjøl.
Den lyser opp i bedet.
Dette er ei heilt lav staude, maks 10 cm 'ruvar' den over bakken.
Det finnes mange Gentianaer, helst ei hauststaude,
men nokre blomstrar også litt tidligare enn denne.
Det finnes også høgre sortar enn mi heilt lave.


Forrige veke var det bokstaven R
Ranunculus aconitifolius Flore Pleno - Duppsoleie
Dette er ei staude som blomstrar ganske tidlig,
dette bildet er tatt 25.mai-08.
Dette er ei staude som 'alltid' stod i ei oldemors hage.
Eg synest den er fin sammen med Ballblom - Trollius
(eller eggeblom som eg kallar den).

Og so til slutt bokstaven Q
Den grubla eg fælt på.
Det vart ei staude som eg faktisk har slengt på i ett tidligare ABC-innlegg.
Men eg har så lyst å prøve å bruke berre stauder frå egen hage.
Men eg trur det vil holde hardt no mot slutten.
Men kanskje eg må' jukse pitte litte granne'
(som Ingrid Espelid Hovig alltid sa).
Iallefall har eg som Q brukt:
Klokkevalmuesøster - Meconopsis Quintuplinervia
Og måtte då bruke 'etternavnet' på stauda for å finne boksatven Q :)
Den var heilt ny hos meg i fjor,
so eg veit lite om den.
Men det ser ut til at det kjem opp småplantar nokre cm frå morplanten.
Kan vere ein grei måte å formere planten på det.

So får eg sjå om eg klarer å holde meg i rute neste veke.
Kanskje eg får litt tid til å sjå på andre ABC innlegg også.
Ha ei fin veke :)































































