søndag 7. september 2008

8.august-07 kl 00.25

Grågåsa reiser sørover... Og høstfloksen blomstrar.
ons aug 08, 2007 0:25

[ Hagedagbok 2007 ]

No om dagane reiser grågåsa over her i store flokkar på veg sørover. Første flokken for 3.august. I fjor for første flokken 4.august. Har følgt med på dette i ei årrekke no. Syns det er kjempespennande. Dei reiser alltid første veka i august. Sjøl lissjetutta på 3 syns det er spennande. Dei lagar mykje leven når dei fær over hustaka her, og då spring ho ut for å sjå. Spesielt spennande syns ho det er at dei flyg akkurat som bokstaven til storebroren, i ein V Ellers har dagliljene min begynt å sprette ut. Endelig, dei har ikkje blomstra på 3-4 år. Veit ikkje kvifor. Dei har vore på flyttefot siste åra, men det kan ikkje vere derfor, for dei kom ikkje i jorda i hagen her før i april. Og i vinter stor dei med åpen rotklump oppå bakken. Og rart at alle tre tuene skulle blomstre i år då... Men uansett dei er rålekre, mørk burgunder Trudde eg hadde ei tue med 'Frans Hals' også av dei store tuene, men nei. Eg har flytta so monge gongar att det må gå i surr Ellers er det tid for høstfloks no, og so såg eg antydning til blomstring i toppen på Akssøyleblomsten. Og prestekragane er kjempefine. Spesielt i skumringa, då lyser dei so fint i halvmørket Eg blir meir og meir sikker på at ett kvitt bed er tingen

Postet av: Mariann S
0 svar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar