søndag 7. september 2008

1.mai-08 kl 22.12

Herlige hagetid :-)
tor mai 01, 2008 22:12

[ Hagedagbok 2008 ]

29.april I dag slo eg plenen for første gang i år - uten at eg har sjekka det trur eg at det er omtrent som i fjor. Har laga hengeampel med slyngblomkarse. Brukte 'skogmose' i botnen og i molda blanda eg inn 'bleiefyll' sånn at det holder på fuktigheta i molda. Greit å sleppe kvar dag, og so vil ikkje vatnet renne rett gjennom. Eg blanda også litt benmel i molda, Blomkarsen vart planta både oppi ampelen og rundt kanten. No heng den i epletreet. 1.mai I fjor sådde eg Cortusa matthioli. Frøa hadde god spiring og dei fleste overlevde også vinteren i pallekarmbedet mitt. So begynner dei å vokse no i vår. Tenker ikkje med en gong på at blada ser litt ulike ut. Tre typer blad. To av dei har samme form, men litt ulike i farge, Den 3. sorten er heilt ulik både i form og farge. So får dei blomsterknoppar. Den einesorten av dei med like blad, men lysast i fargen får cortusa knoppar, litt overhengande klokker, med klar rosa farge. Den med dei blada som er ulike dei andre får en opprett knopp med lys lilla blomster. Lavendelfarga, den spratt ut i dag. Eg sådde kun 2 typar frø i fjor og det var Pulsatilla vulgaris og Cortusa matthioli. Og pulsatillaene vokser i karmen vedsiden av og er heilt annerledes. Eg fikk frøa av ei veninne som igjen hadde kjøpt dei av Magnar. Eg har tatt bilde, men har ikkje lagt dei inn endå, det blir gjort snart. Blir veldig spennande å finne ut av kva som veks i pallekarmen min I dag har eg fylt mold i siste karmbedet i kjøkkenhagen min. I mårgå må eg avsted for å finne jordbærplantar. Eg sådde purrefrø i karmbedet i går. I dag har eg planta ut vanlig oregano der. Eg prikla sitronmelisse, basilikum, div salater (som eg ikkje fikk plass til i karmbedet) og agurkurt. Gresk oregano har ikkje spirt endå, men snart Solsikkene har heller ikkje spirt. Eg har planta ut sukkererter i ei stor trekasse og laga klatrevegg bak. I forkant har eg planta blomkarse som skal få vekse over kanten og utover en stein .

Postet av: Mariann S
2 svar

1 kommentar:

  1. ElinG
    Bosted: Nordfjord

    Skrevet: tor mai 01, 2008 22:28

    Du er så ivrig for tida, at eg vert nesten anpusten av å lese kva du styrar med



    Mariann S
    Bosted: Sunnmøre

    Skrevet: tor mai 01, 2008 22:58

    Eg slepp å lø ved eg
    Men ja, eg kjenner at energien boblar

    SvarSlett