Først dagens vermelding:
Ein flott høstdag, oppholdsver og litt sol.
Vindstille.
Og det trengte vi etter ei ganske våt helg.
.......
Etter jobb i dag var det rett heim og steike meg raspeball til middag.
Eg kokte raspeball til middag i går,
med røkt svineknoke, bacon, pølse, kålrabistappe og poteter til.
Det er snaddermat :)
Og det er ikkje mindre godt å steike dagen derpå :)
.......
Etter at eg hadde inntatt en skikkelig solid porsjon,
bar det rett uti skråninga for å jobbe.
Den har vorte nedprioritert i heile sommar og høst;
pga ver, giddaløyse og andre ting.
Men no måtte eg berre...
En fantastisk jobb på full mage :D
.......
Vel, eg fikk planta dei 5 første buskene, no har eg berre 31 igjen.
Men eg er i gong, og då er det lettare å fortsette... trur eg...

Etter at det var gjort måtte eg på jobben igjen,
på ett par timer langt kveldsmøte.
.......
So dagen har iallefall ikkje mangla gjeremål,
den har vel heller hatt knapt med timar.
No skal eg kose meg med 71 grader nord, som gubben har tatt opp til meg :)