torsdag 21. mai 2009

Såing og gjødsling :)

På formiddagen i dag var det ett skikkelig sipregn.
Men det vart etterkvart både mykje sol og skikkelig varmt.
.......
Eg har fått gjort mykje i hagen i dag.
.......
Rosebuskene, Klematisane og Sommarfuglbuska har fått fullgjødsel.
Og det har også agurkplantane fått.
So har dei også fått litt ny jord.
.......
I 2005 planta eg stauder i ett par utgådde sko.
Og dei har blomstra fint inntil i fjor.
Dvs i fjor også var dei litt pjusk,
men i år har ikkje det vore noke vekst i det heile tatt.
Og det forstår eg no godt,
for eg planta 3 stauder oppi kvar sko.
Og det får no vel vere måte på
kor lenge dei orkar å holde på mens det knip på tåa :)
.......
I dag reiv eg ut av alt og fylte på ny jord.
Og planta ei staude i kvar sko.
Ei gul mure i den eine og ei kvit i den andre.
Huska ikkje navna akkurat no.
.......
So skal dei igjen få stå på trappa å ta imot gjestar :)
.......
Bildet er tatt 29.mai-07

Før og etter nyplanting.
So har eg fått sådd gulrot, reddik, sukkererter og hodesalat i kjøkkenhagen.
Har også gjort plass til setteløk (gulløk) og isbergsalat.

So har eg sådd Riddersporer, Revebjelle og Rosestorkenebb.
(Får skrive inn nøyaktige navn seinare)
Eg som ikkje skulle så noke i år - hm...
.......
So kom eg over den variegerte skyggesildra mi,
som eg fekk i fjor.
Den hadde eg heilt glømt.
En kjekk overraskelse :)


Den rustraude Primula waltonii (til høgre) spratt ut i dag.
Dei to andre er nykjøpte i år.

Syrinen min er heilt nydelig no :)

På sørsida av huset, langs veggen.

Det veks seg til i beda no.
Har litt stauder med raudfarga bladverk,
og det friskar ekstra opp i beda.

Ønskar alle ei god helg :)

1 kommentar:

  1. Så mye flott! Misunner deg virkelig den syrinen, det vekker minner fra barndommen. Og de primulaene var helt nydelige.

    Jeg ligger litt etter for tida, har bl.a. ikke fått sådd grønnsakene ennå. Men planen er å få det til i løpet av helgen.

    Ha en riktig god helg :-)

    SvarSlett