søndag 3. mai 2009

Eg har sådd i dag...

I dag har eg sådd....
Cherrytomater - 'Gardeners delight',
Bifftomater - 'Marmande superior' og purreløk.
So blir det nok gulrot, salat og reddiker snart.
Og kanskje sukkererter.
.......
So har eg sådd Solsikke 'Ruby F1' - nydelig mørk burgunder,
som blir 180-200 cm.
.......
Gikk gjennom frøa mine som eg oppbevarer i kjøleskapet.
Og der kom eg over en konvolutt med frø,
som eg ikkje var klar over at eg hadde.
Og dei frøa måtte eg berre så,
sjøl om eg hadde bestemt meg for at i år skal eg ikkje så stauder.
Eg har rett og slett ikkje plass til meir.
For i konvolutten låg det frø av Anemone rivularis,
som eg sanka i 2005.
Ei aldeles nydelig staude, sjå berre her.
.......
Når eg flytta høsten 2006
trur eg at eg grov den opp for å ta den med meg.
I sotilfelle tålte den ikkje overvintring i kummerlige forhold,
før den skulle få komme i jorda igjen.
Eg har sakna den,
derfor måtte eg berre så dei frøa - so klart.
Håpar at akkurat dissa frøa har tålt å bli lagra i 4 år :)
Dei har iallefall lagt mørkt og kaldt i kjøleskapet.
.......
So har eg sådd nokre svarte stokkroser
sammen med dei rosettane som skal blomstre i år.
Må passe på at det blir blomstring neste år også.
.......
Ellers har eg potta om agurkplantane og paprikaplantane.
Agurkplantane er 'Green fingers F1'
og paprikaplantane kjem frå butikkpaprika :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar