onsdag 13. mai 2009

Litt hagesyssel no i kveld.

Vi har hatt ett fantastisk ver i dag.
Men dagen min i dag har inneholdt alt anna enn hage.

Etter at tuppehønå mi var lagde i kveld,
var eg ute ei stund og sorterte tankane mine i fred og ro.

Og det gjorde godt.


Opp langs vegen har eg ett slags bed,
der det til no har blomstra rikt med kvit Hageskrinneblomst.

No var den heilt avblomstra,
så dei avblomstra stilkane fikk eg klipt vekk.

No er det rosa og lilla vårfloks som tek over blomstringa der.

Når den etterkvart takkar for seg har den rosa Astilben vokse seg til.
Og etterkvart kjem den også med blomster.

So altså blomsterrik og fin kant heile våren/sommaren.
.......
Primula lurte på stativet ho såg i bedet i forrige innlegg.
For ett par år sidan planta eg ein Klematis og laga eit stativ av rogn.
.......
Klematisen er for meg fremdeles ukjent,
for det er ein stikling som eg fikk røtter på for 3 år sidan.
Og den har eg knepet med meg frå ett hagesenter - hi hi.
.......
Første året kom det nesten ingenting opp.
I fjor vaks det ca 1 meter, men ingen blomster.
I år har det kome tre fine greiner på den gamle veden,
og dei veks og trives.
So i år er eg fryktelig spent på om eg får blomster.
.......
For dei som ser stativet på avstand ser det sikkert litt Harry ut :D
For en må litt innpå for å sjå at der veks noke.

I mårgå kjem en ny dag, med nye muligheter.

God natt :)

2 kommentarer:

  1. Så spennende med den klematisen, håper du får se blomster på den i år.
    Jeg misunner deg den blå valmuesøsteren i innlegget nedenfor. Jeg har prøvd så mange ganger, men de vil ikke her. Jeg får blomst en gang og så forsvinner de. Nå gidder jeg ikke prøve mer.

    SvarSlett
  2. Eg trur at noken av dei er toårige og andre er stauder.
    Denne er iallefall 8 år gammal. Den har vore med på 3 flyttelass og har til og med overlevd en vinter ute, i en pose med litt mold.
    Sjå om du finn Meconopsis 'Lingholm'.

    SvarSlett