søndag 12. oktober 2008

Ein moden tomat.



Først dagens vermelding:
Regn og sur høst.
I natt blåste det heftig og vi hadde ett par store haglskur.
.......
Tenk no har eg altså fått moden en tomat.
Har ett par som snart er modne også,
men dei ser ikkje so fine ut.
.......
Iallefall, den som var moden i går var faktisk god også.
So den fikk absolutt godkjent av gubben min og systå mi :)
.......
Eg har kava fælt med dissa tomatane,
og det endå eg ikkje likar tomatar engong .
Men gubben likar, og då e det no greit nok
.......
Eg har hatt 14 plantar som har vore store og fine.
Med ganske mange tomatar på også.
Og vi har hatt en fin sommar,
men å få tomatar modne det har ikkje vore enkelt.
.......
Eg klipte dei etterkvart ned/av og fjerna blada, og hengte dei opp i kjellaren.
Men dei tomatane som nærma seg modning då, dei tørka berre inn.
Då tok eg dei av stilkane og la dei på kjøkkenbenken sammen med ett eple.
Og vips i går - første modne tomat :)



Og den såg til og med fin ut inni :)



Vel, den var både raud og god -
sjøl om gubben i utgangspunktet hadde sine tvil
.......
Men uansett - alt for mykje arbeid for so liten gevinst.
Det blir nok den eine gongen eg satsar på tomatar,
inntil eg ein gong får meg drivhus.
.......
Artig å ha prøvd det :)