lørdag 25. oktober 2008

Hageoppsummering... så langt.

E ikkje so mykje haging for tida, kjenner at eg har gått i haustdvale.
Været innbyr ikkje til mykje utendørsaktivitet heller.
I natt er det sendt ut ekstremvarsel for distriktet her:
Sterk storm te natta, heldigvis kortvarig - men sikkert ikkje lydlaus for det - usj.
.......
I går knakk solsokka mi, som stod og blomstra så fint.
Den kom veldig sein i gong med blomstringa, men var fin so lenge den varte :)
.......
I dag måtte eg kjøpe høstens første salat.
Det er berre ett par daga sida vi høsta årets siste isbergsalat frå kjøkkenhagen :)
Kjekt å høste egne 'varer'.
.......
Skal ha kjøkkenhage neste år også, men litt forandring blir det nok i karmane.
I år har eg hatt blomkål og brokkoli - dei blir kutta ut til neste år.
Dei tek alt for mykje plass i ein pallekarmkjøkkenhage.
Men når eg ein gong får meg åker, då blir det blomkål og brokkoli igjen.
.......
Squash har eg også hatt, det byttar eg ut med frilandsagurk til neste år.
Har hatt 4 plantar av sorten i år, og det har vore morsomt å få det til.
Men vi et ikkje so mykje av det og då er egentlig vitsen vekke.
Iallefall når plassen er liten.
.......
Sukkererter har eg hatt, og det skal eg nok ha neste år også - kanskje.
.......
Det som eg har hatt i år og som eg garantert skal ha til neste år er:
gulrot, reddiker, gulløk og isbergsalat - massevis :)
Og selvfølgelig jordbærpallekarmane mine då :)
.......
So kjem eg plutselig på at eg har masse purreløk ståandes ute.
Dei stod gjemt under blomkål og brokkoli,
og fikk en heller dårlig start på veksten.
Har ikkje sett på dei på fleire veker,
må sjå på dei i mårgå om det går an å gå ut.
.......
So har eg bestemt meg for å sette ned kvitløksfedd,
men har ikkje fått fingeren ut endå.
Kanskje eg 'rekk' det i mårgå :)
.......
So står sjølvsagt grasløktua mi stor og fin, den er ett must.
.......
Eg har også hatt 14 flott tomatplantar, som fikk masse fine tomatar -
som ikkje ville modne ute.
Eg tok dei inn, hengande på stilkane - men dei visna før dei modna.
Dei eg rakk å redde la eg i ei skål på kjøkkenet sammen med ett eple.
Dei vart fort og fint modne.
Og ifølge gubben kjempegode (eg likar ikkje tomat).
.......
Eg hadde bestemt meg for å ikkje ha tomatplantar neste år,
men eg trur at eg allerede har ombestemt meg.
Men plasseringa bli ikkje under tak som i år.
Ett VANNvittig arbeid med vatning.
.......
Kjenner at hobbyaktivitetar innendørs opptek meir og meir av tida mi.
So no framover blir det nok meir strikking og sying enn blomster det går i hos meg.
Ta gjerne turen innom Hobbybloggen min å kike på kva eg driv med der.
.......
Og so les eg mykje (voldsom mykje ifølge enkelte :) )
Eg les 'Sønnavind', 'Thea', Farsarven', 'Storgårdsfolk',
'Tre søstre'. 'Hannah', 'Ingebjørg Olavsdatter'.
Har eg huska alle no tru.... :D
.......
Dokke får ha god helg folkens :)

4 kommentarer:

  1. Og når skal jeg huske å sette hvitløkfeddene mon tro?

    Inspirerende kjøkkenhageberetning :-)

    SvarSlett
  2. Her var uveiret Ulrik på det hardaste mellom kl. 22 og 23.30 i går kveld, då var det nok ikkje fyse å vere ute for dei som det "måtte".
    Håpar det gjekk over utan skadar av noko slag.

    SvarSlett
  3. Ja de vart litt av ei natt.
    Har ikkje hatt noken skader i min hage.
    Lenge sidan ting som kan blåse bort eller bli ødelagt har blitt tatt inn.
    Men eg trivdes ikkje i natt.
    Og oppi det heile fikk lissjejenta spysjuka....

    SvarSlett
  4. hei :) Jeg bare tester litt på kommentarfeltet ditt :)

    SvarSlett