onsdag 1. oktober 2008

8 nye busker i skråninga og en dusj av hageslangen.

Først dagens vermelding:
En varm, deilig, solrik haustdag :)
Men i dagtidlig var det berre 3 grader her.
.......
I dag har eg ikkje knipsa bilder ute,
men eg fant motivet i ein sankt paulia i stova.

Men om eg ikkje har knipsa ute har eg jobba ute.
Eg har planta 8 nye busker i skråninga mi,
no er det berre 23 igjen :)
.......
Eg trudde at knotten hadde gitt seg for i år.
Men neida, eg måtte kjempe ein stri kamp mot dei og i dag vant eg,
eg gav meg ikkje før det begynte å mørkne.
.......
Eg kom ikkje frå jobb før kl halv fem.
So måtte eg få meg litt (for mykje) middag i magen før eg satte i gang.
Då er det ikkje mykje ein rekk før det mørknar.
Merkar godt at dagane blir kortare for kvar dag.
.......
Fekk meg ein skikkelig dusj mens eg holdt på óg :)
Eg hadde ei bøtte med vatn som eg 'drukna' buskene i før eg planta dei.
Oppi der låg ein slange og rant for at bøtta skulle vere full.
.......
Når bøtta rant over tok eg tak i slangen for å skru igjen,
og i det eg fikk slangen uta av bøtta spratt munnsyukket av...
og eg mista slangen.
Alle har vel sett en løpsk slange :) - vel den sveipa over meg, midt i fjeset.
Og når munnstykket var vekk rant det ikkje berre litt forsiktig :D
Og det beste av alt måtte vel vere at eg hadde publikum,
av en mann i en bil som hadde stoppa på busslomma rett nedom her :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar