onsdag 26. november 2008

Eg har laga leverpostei...

No er leverposteien min ferdig steikt :)
Eg gleder meg til eg kan smake på den.
Men endå er den litt for varm.
Men den som venter på noke godt.....
.......
I går formiddag ringte dei om at dei hadde fått inn lever,
so då var det berre å stikke å kjøpe etter jobb.
Heimatt og rett i eddikvatn med den.
Der låg den til klokka ti i går kveld (ca 6 timar)
.......
Eg reinskar og rensa lever og spekk i går kveld før eg la meg.
Litt av en dritjobb egentlig,
men det er absolutt verdt det :-)
.......
Eg begynte på jobb kl elleve i dag,
og før det måtte leverposteien stå klar til steiking.
So alt var målt opp og gjort klart før eg la meg


krydderblandinga mi

Eg stod opp kl 7 i dag,
og starta med dagens dyst.
Lever, spekk og løk blir malt 2 gongar i kverna mi.
.......
Det var sånn kvern mamma brukte når ho laga leverpostei,
så eg var kjempeglad når eg fikk meg tak i ei sånn.
Finnes sikkert meir lettvinte hjelpemiddel.
Men godt, gammaldags, heimelaga treng ikkje alltid vere så lettvint.



Vel... når eg gjorde meg klar til å gå på jobb litt før elleve,
stod det 3 stk 2-liters former klar til steiking i kjøleskapet.


Kom frå jobb kl 19 i kveld,og ovnen vart satt på.
Kl halv ti var leverposteien ferdig steikt :-)



Oppskrift kjem her om noken er interresert:
.......
Legg levera i vatn over natta (ha gjerne litt eddik i vatnet)
Den bør minimum ligge i vatn 6 timar.
.......
1 kg svinelever (vekt ferdig rensa)
1 kg svinespekk (vekt ferdig rensa)
ca 400 gram kveitemjøl
2 liter melk
4 egg
1 stor eller 2 små løk
4 ss salt
2 ss pepper
3 ts malt nellik
1 lita boks ansjos (inkl laken)
.......
Grovmal lever, spekk og løk 2 gongar.
Bland inn krydder, egg og finhakka ansjos + laken.
Lag ein tjukk kvit saus av melk og kveitemjøl og bland i.
.......
Dette er passe mengde til 3 stk 2 liters former.
Eg kler formene med bakepapir,
for lettare å 'snu' leverposteien ut av formene når den er ferdig og nedkjølt.
.......
Steik midt i ovnen i vannbad ved 250 grader i ca 2 timar.
Legg bakepapir over formene heile steiketida.
.......
Å, kor eg gledar meg til å smake no :-)

tirsdag 25. november 2008

Bakedag...

I dag har eg og piå mi baka julemanna og pepperkaker:)
Ho e kjempeflinke, og var med å hjelpte til heilt til vi var ferdige.
Huska når 20-åringen min var liten,
han var som regel lei etter ein halv time :)


Det vart ein fin 'liten' haug med julemanna.

Vi har ei gammal 6 liters melkespann som står på benken,
den har vi alltid julemanna i til jul :)
Ellers står den bere til pynt.

Når vi var ferdige med julemannane,
var det pepperkakene sin tur.
Pepperkaker brukar vi egentlig ikkje å lage.
Julemanna er det vi brukar å ha her på disse kantar.
Pepperkaker er meir sånn østlandsgreier trur eg.
.......
Pepperkakehus pleier vi å lage altså :)
men det blir litt seinare.
Men i dag vart det pepperkaker,
fordi vi også skulle lage vinduspynt...
... med dropsvindu :)

Sånn ser dei ut

Og til slutt...
sånn går det kvart år...
siste brettet blir alltid brent...


fredag 21. november 2008

Fornøgde med meg sjøl :-)

I dag har eg hatt en fridag frå jobb.
Lista mi over det eg skulle gjere var lang, veeeldig lang.
Eg kom meg ikkje gjennom heile,
men det hadde eg ikkje forventa heller.
.......
Men eg vart ferdig med å vaske kjøkkenet og stova frå tak til golv,
og i skuffer og skap.
So no er julevasken unnagjort i dei romma det er mest arbeid :)
Herlig å tenke på.
Blir deilig, og fortjent, å slenge seg på sofaen i kveld :)
.......
Når eg var ferdige med det,
leita eg fram alle julekakeboksene mine.
No er dei vaska og klare til å bli fylt opp.
.......
Ellers er det ett deilig ver å vere inne i :)
Ute er det litt ufyselig vinterlig.
Hadde nok vore hakket bedre ja, om det ikkje blåste sånn.
.......
Papsen og piå vår var ute og aka (i snøfokk)
etter at ho vart henta i barnehagen.
Trur det var ein forblåst opplevelse :)

mandag 3. november 2008

Haging i stummande mørke.....

Eg trudde eg var ferdig i hagen for i går gitt
Men neida, i dag etter arbeidsdag
og etter en tur hos tannlegen ville piå mi ha meg med ut.
Lyst hadde eg no egentlig ikkje,
men eg klarte ikkje å stå imot dei bedande augene.
.......
Når vi endelig kom oss ut var det ganske mørkt allerede,
men utelampa lyser ned på sandkassa så det gikk greit det.
.......
Eg begynte no å tusle rundt ute i mørket,
og plutselig låg eg på alle fire og reiv vekk visne bregner.
Eg har mange og dei er store....
Men før eg var klar til å gå inn igjen hadde eg fått fjerna...
eller fjerne og fjerna fru Blom...
eg har fjerna dei frå rota si,
og no ligg det som eit rot utover plenen.....
So eg må nok ut en dag til for å fjerne det frå plenen og,
men det blir en annen dag... kanskje til og med før snøen kjem neste gong
Kanskje det blir den dagen eg tek inn hageslangen min
.......
Ellers er det forming og lesing som opptar mykje av fritida mi.
No har eg prøvd meg på (for meg) noke nytt, stitchery heiter det.
Eg har sydd ein katt som piå mi har tegna,
den er det bilde av i eit tidligare innelgg her i hagebloggen.
.......
Skulle du ha lyst å sjå kordan den vart,
so må du ta en titt inni hobbykroken min.
.......
Ha ein fin haustkveld