No er leverposteien min ferdig steikt :)
Eg gleder meg til eg kan smake på den.
Men endå er den litt for varm.
Men den som venter på noke godt.....
.......
I går formiddag ringte dei om at dei hadde fått inn lever,
so då var det berre å stikke å kjøpe etter jobb.
Heimatt og rett i eddikvatn med den.
Der låg den til klokka ti i går kveld (ca 6 timar)
.......
Eg reinskar og rensa lever og spekk i går kveld før eg la meg.
Litt av en dritjobb egentlig,
men det er absolutt verdt det :-)
.......
Eg begynte på jobb kl elleve i dag,
og før det måtte leverposteien stå klar til steiking.
So alt var målt opp og gjort klart før eg la meg

og starta med dagens dyst.
Lever, spekk og løk blir malt 2 gongar i kverna mi.
.......
Det var sånn kvern mamma brukte når ho laga leverpostei,
så eg var kjempeglad når eg fikk meg tak i ei sånn.
Finnes sikkert meir lettvinte hjelpemiddel.
Men godt, gammaldags, heimelaga treng ikkje alltid vere så lettvint.

Vel... når eg gjorde meg klar til å gå på jobb litt før elleve,
stod det 3 stk 2-liters former klar til steiking i kjøleskapet.

Kom frå jobb kl 19 i kveld,og ovnen vart satt på.
Kl halv ti var leverposteien ferdig steikt :-)

Oppskrift kjem her om noken er interresert:
.......
Legg levera i vatn over natta (ha gjerne litt eddik i vatnet)
Den bør minimum ligge i vatn 6 timar.
.......
1 kg svinelever (vekt ferdig rensa)
1 kg svinespekk (vekt ferdig rensa)
ca 400 gram kveitemjøl
2 liter melk
4 egg
1 stor eller 2 små løk
4 ss salt
2 ss pepper
3 ts malt nellik
1 lita boks ansjos (inkl laken)
.......
Grovmal lever, spekk og løk 2 gongar.
Bland inn krydder, egg og finhakka ansjos + laken.
Lag ein tjukk kvit saus av melk og kveitemjøl og bland i.
.......
Dette er passe mengde til 3 stk 2 liters former.
Eg kler formene med bakepapir,
for lettare å 'snu' leverposteien ut av formene når den er ferdig og nedkjølt.
.......
Steik midt i ovnen i vannbad ved 250 grader i ca 2 timar.
Legg bakepapir over formene heile steiketida.
.......
Å, kor eg gledar meg til å smake no :-)